– Det betyr at forskarane no er meir på linje med fiskarane når det gjeld kor stor makrellbestanden faktisk er.

Slik kommenterer Stig Arne Sævik i Søre Sunnmøre fiskarlag dagens gladmelding om at ICES har auka kvoterådet for makrell til 770.000 tonn. Det opphavelege rådet frå ICES lydde på 318.000 tonn.

Ikkje overraska

Det var norske styresmakter som bad om eit nytt kvoteråd etter at ein metoderevisjon konkluderte med at ICES hadde underestimert makrellbestanden.

– Fiskarane har heile tida vore sikre på at ICES sin bestandbeskriving dei siste åra ikkje har vore korrekt. Vi er difor ikkje overraska over at ICES no har revurdert rådgivinga si, seier Audun Maråk i Fiskebåt i ei pressemelding.

Uvisst kor mykje det vil bety

Sjølv med ICES sitt opphavelege kvoteråd på berre 318.000 tonn, har kyststatane bestemt at det i år kan fiskast 654.000 tonn makrell. Sidan kvoten allereie er sett såpass mykje høgare enn tilrådinga tvilar Sævik på om ICES si oppjustering vil få noko særleg å seie for det endelege resultatet.

– Eg kan ikkje forstå at Norge vil gå inn og auke enda meir, men litt justeringar kan det kanskje bli, seier Sævik.

Likevel gledeleg

Han er likevel glad for at fiskarane sitt syn på makrellbestanden begynner å få gjen- nomslag hos dei internasjonale havforskarane.

– Fiskarane har ofte vore misnøgde med det forskarane har presentert av bestandsvurderingar. Vi som er på havet ser vårt vi også, men det er ikkje alltid vår oppfatning har blitt tillagt så mykje vekt, seier Sævik.

Over helga skal kyststatane møtast i London for å diskutere makrellforvaltinga.

Audun Maråk seier at om det blir aktuelt å auke den avtalte totalkvoten på 654.000 tonn vil avhenge av posisjonane og konklusjonane til dei ulike nasjonane som beskattar makrellbestanden. Sjølv om tilrådd kvote er høgare enn det EU, Færøyane og Norge fastsette for 2019, vil totalfangsten i år truleg overstige 800.000 tonn.

– Dette skuldast uansvarleg og urimeleg opptreden frå særleg Island og Russland si side, seier Maråk i pressemeldinga frå Fiskebåt.