I utgangspunktet var årets norske tobiskvote sett til 55.000 tonn. No har Havforskarane meir enn dobla årskvoten slik at Norge i år kan ta heile 125.000 tonn. Auken blei gjort på bakgrunn av tobistoktet som nyleg blei gjennomført av herøybåten Eros.

– Vi konstaterer at det er relativt god rekruttering hos tobisen. Rekrutteringa er blant dei tre beste vi har dokumentert dei siste åra, fortel havforskar Espen Johnsen som var toktleiar om bord i Eros under toktet no i mai.

– Dei lyse utsiktene gjer at kvoterådet går markant opp, slår Johnsen fast på Havforskingsinstituttet si heimeside.

Med 125.000 tonn kan dei norske båtane i år fiske om lag dobbelt så mykje tobis som i fjor. Då blei kvoterådet ikkje auka etter eit tilsvarande tokt og blei ståande på 60.000 tonn.

Fleire av båtane var allereie ferdig med kvoten då auken kom.

Kolossalt god årsklasse

Då forskarane kom med det førebelse rådet sitt i februar i år, blei det antyda at 2016-årsklassen kunne vere den sterkaste vi har sett på mange år.

– Den historisk sterke 2016- årsklassen dominerer på tobisfelta, og dei nye toktresultata stadfestar at det er snakk om ein kolossalt god årsklasse. Det lovar godt for bestanden, slår Espen Johnsen fast.

Gledeleg

Auken i tobiskvoten var ei gledeleg melding for Herøy sine tre pelagiske trålarar der tobisfisket utgjer den mest variable delen av driftsgrunnlaget. Dobling av kvoten gir mange millionar kroner meir på årsinntekta til desse båtane, og inntektsauken blir forsterka av at også prisane går opp samanlikna med i fjor.

– I fjor fekk vi 2,25 kroner kiloen for tobis, så det er snakk om ei kraftig auke.

Rekordfangst

Det seier reiar Olav Remøy til Nett.no etter at Nordsjøbas fekk ein pris på 2,97 kroner for fangsten på 1600 tonn som båten måndag leverte til Pelagia Karmøy. Med ein fangstverdi på 4,8 mill. kroner er dette den største tobisfangsten som nokon gong har vore levert.

Basert på ein slik kilopris vil båten si årskvote på 6.500 tonn ha ein verdi på fram imot 20 millionar kroner. Også Gollenes og Herøyfjord har levert gode fangstar siste dagane på høvesvis 1200 og 1300 tonn.