Det meste av avisa blir produsert før 17. mai, men vi kjem også til å setje av plass i laurdagsavisa til stoff og bilde frå 17. mai-feiringa.

Er det nokon som ynskjer å bidra med 17. mai-bilde frå sin krins, med tanke på laurdagens avis, kan de sende dei til redaksjon@vestlandsnytt.no. Desse må vi ha i hende innan klokka 14 på 17. mai. Skriv helst ein bildetekst og i tillegg namnet på fotografen.

Sidan avisa kjem ut på laurdag, har det ikkje lukkast oss å få distribusjon på utgjevingsdagen til abonnentar i nærområdet som får avisa levert gjennom Posten. Desse får i staden avisa levert over helga.

I den samanheng kan det vere på sin plass å minne om at alle abonnentar har e-avis og samtlege saker på vestlandsnytt.no inkludert i abonnementet. E-avis (papiravisa i digitalt format) vert publisert kvelden før utgjeving.