Unge og gamle, rike og fattige, innfødde og innvandrarar – alle går dei i same toget, syng dei same songane og ropar «hurra» i kor. I bygd og by går det vakre norske flagget til topps på alle flaggstenger. På denne dagen skjer det også ei stor og viktig kulturmønstring over heile landet. I sanning ein dag vi har grunn til å vere glade i.

I motsetning til mange andre land som feirar nasjonaldagen sin med store militærparadar, har vi valt å vise fram det vi er mest stolte av – barna. I alle bygdene i Herøy og Sande går barn og vaksne i tog 17. mai – tradisjonen tru.

Fleire av bygdene har sitt eige skulekorps. Dagane før den 17. vert det brukt mykje tid på finpussing av feiande marsjar og nasjonalsongen. Når så dagen endeleg er komen, set dei unge musikkantane farge på feiringa av nasjonaldagen med sine blankpussa instrument, flotte uniformer og fin musikk. Glade barn, hornmusikk, vakre bunader og vår i lufta. Betre kan det ikkje verte!

Eg lèt tankane gå attende til barndomsåra mine for meir enn 60 år sidan. Bortsett frå julekvelden var det ingen dag vi barna gledde oss slik til som 17. mai. Når dagen endeleg kom, vart vi vekte av salutt klokka sju. Det rista i vindauga over heile Bergsøya. Vi kom oss straks ut av senga, for dei dumpe smella minte oss på at det var 17. mai.

Mange vart vekte endå tidlegare av grønrussen som kom i lastebilar eller traktorar med tilhengar. Dei heldt halloi frå tidleg morgon til seint på kveld. Grønrussen, som var avgangselevane ved realskulen, skreiv morosame ting på butikkvindauga. Nokre av handelsmennene likte så dårleg det russen skreiv, at dei stod grytidleg opp og viska det vekk før folk fekk sjå det. Dette likte vi ungane dårleg. Derfor var vi snare å ta oss ein runde for å få med oss mest mogleg av det grønrussen hadde skrive – også før vi hadde lært å lese. Men vi var intelligente nok til å vente med å le til dei lo dei som hadde knekt lesekoden.

Vi beundra grønrussen sjølv om vi brukte å rope til dei: «Grønnruss, grønnruss, tjukk i hue – trenger ingen russelue!»

17. mai gjekk vi i finkleda. Flagg og 17. mai-sløyfe var obligatorisk. Oftast gjekk vi i nyinnkjøpte lakksko, og då fekk vi alltid gnagsår på hælen. Somme av oss likte ikkje å gå rundt i all denne finstasen, for vi kjende oss faktisk litt utspjåka. Men med tapper innsats klarte vi å halde ut, for vi forstod at foreldra våre gjerne ville stase oss litt opp på nasjonaldagen. Det var på ein måte ein del av feiringa.

Vi stilte med så mange skyte- og smellgreier at ein skulle tru at krigen ikkje var slutt. Det kunne sjå ut som om vi lurte på om alle tyskarane hadde kome seg heim att, eller om nokre gjekk og luska kring novene. Vi hadde eit stort arsenal av «vanleg» knall, kasteknall og såkalla «fisekjerringar». Vi hadde også nokre innhola boltar som ein av smedane i Voldnes-smia i Ura hadde laga til oss. Når vi fylte dei med svovel og slo dei mot ein mur eller ein stein, small det så sterkt at vi fekk toppar i øyra og høyrde nesten ingen ting dei neste minutta. Vi syntest dette var heilt hivens.

Dei fleste av kameratane mine vart fødde like etter krigen. Dei som hadde kome til verda i krigsåra, hugsa ikkje noko frå den tida. Men kvar 17. mai kom på ein måte krigen oss nær inn på livet. Då vart dei frå ytre Herøy som gav sitt liv for Norge, minte og heidra ved Herøy kyrkje. Blant namna på minnesteinen var namnet til onkelen til ein av kameratane våre, og det gjorde at vi følte endå sterkare at dette var noko som vedkom oss. Markeringa ved kyrkja var alltid prega av høgtid og alvor, og vi skjøna at denne stunda ved minnesteinen betydde svært mykje for mange.

Filmframsyninga på Bergshall på nasjonaldagen var alltid eit av høgdepunkta for oss barna. Denne dagen slapp alle inn utan å betale. Oftast fekk vi sjå ein Tarzan-film. Det var alltid svært populært, iallfall blant oss gutungane, for det budde nok ein liten Tarzan i dei fleste av oss.

Når Jane kom på besøk, stupte ho og han Tarzan frå eit tre og ned i det varme jungelvatnet og romantikken dirra i lufta. Apekattar og papegøyar sat sjenerte og fylgde med i det som skjedde mellom han Tarzan og ho Jane. Sjimpansen Cheeta la eine handa framfor auga og rødma litt når dei to turtelduene omfamna og kyssa kvarandre. Vi ungane såg rett ned i Bergshall-golvet og var minst like flaue som Cheeta.

Det slutta heldigvis godt, og då vi kom ut frå Bergshall, var vi litt Tarzan alle mann og ropte «aaaaoooaaaa» på same måten som helten vår.