– Det er ikkje meir hokuspokus enn at vi skal få elevane til å vere seg sjølve.

Det seier danselærar Aina J. Eliassen ved Herøy kulturskule. Ho og kollega (og elev) Karoline Velsvik Sivertsen har snike seg ut frå ein dansetime i kjellaren til Herøy kulturhus for å snakke med Vestlandsnytt om det komande storshowet, Glee’orious – eller «Be’glorious», som det no heiter.

– «Be’glorious – Be You». Det er det som ligg i botnen for alt det Karoline og eg gjer her på kulturskulen. Og elevane gir verkeleg alt av seg sjølve, seier Aina.

Dei har førebudd seg til showet eit heilt år. I løpet av den tida har dei også laga to videoar, som skal bli synt fram under førestillinga.

Ikkje berre dans

På scena vil publikum få sjå og høyre kulturskulen sine eldste elevar innan dans, musikk og song.

I tillegg får vi for første gong sjå ei eiga kroppskontroll-gruppe på scena. Frå dei kan vi vente oss ekte akrobatikk:

– Det vert ein god del løft. Det gjer det også i den klassiske balletten og i kreativ dans. Og så vert det mykje flyging høgt oppe i lufta, fortel Aina og Karoline.

– Er noko av det farleg?

– Ja, nokre få ting.

Jenny Mari Bøe er gjesteartist

I tillegg til kulturskuleelevane, har regissørane invitert den lokale songaren Jenny Mari Bøe til å opptre som gjesteartist.

– Eg kjenner henne ikkje, så eg spurde om ho kunne sende nokre ord om seg sjølv, seier Aina og smiler.

Då skreiv Jenny følgjande: «Venstrehend kaffielskar som spelar ukulele på fjellet».

Gler seg

Det gode samhaldet i dansegruppene er med på å forme showet, skal vi tru lærarane.

– Dansarane er veldig flinke til å sjå kvarandre, hjelpe, gi ros og ris, og dei er med på å få til ein kreativ og lærerik flyt gjennom året, seier Aina.

No gler dei seg til å vise fram alt dei har øvd på.

– Alle er veldig stolte og gler seg ubeskriveleg mykje til å stå på scena. Dans er kunst og gjengen gir rett frå hjartet. Vi har masse vakker dans, energi og spenning, og det vert både morosamt, kjempetrist og frykteleg bråkete. Vi skal trigge alle kjensler. Det gjer vi alltid.