Som omtala i fredagens Vestlandsnytt ynskjer Statens vegvesen å erstatte dagens bru med ei tilsvarande bru. Det vil seie ei bru utan tilhøyrande gang- og sykkelveg. I same artikkelen uttalar Bjarne Kvalsvik at det vil vere ei svært lite framtidsretta løysing, spesielt med tanke på at brua er viktig i regional og lokal reiselivssamanheng.

Kvalsvik retta også kritikk mot både folkevalde og tilsette i Herøy kommune.

– Eg har sjekka opp i kommunen, og der kjem det fram at saka var lagt fram som referatsak både i formannskapet og maritim og teknisk komité. Så her det er mange som har sove i timen. Saksbehandlarane i kommunen burde no uansett ha reagert, sa Kvalsvik.

Då Kvalsvik la fram saka under kommunestyremøtet sist torsdag, nytta han høvet til å spørje dei andre politikarane om dei meiner at dette er ei grei løysing. Han ville eventuelt vite kva dei meinte at ein skulle gjere, og minna om at arbeidet er forventa å byrje i løpet av svært kort tid.

– Det er mange problemstillingar som skal løysast, og vi har knapt nok høyrt at det er ei problemstilling med denne brua før ho er ferdigteikna. Det skumlaste av alt er å stoppe nesten ferdigbygde prosjekt, så vi er på eit vanskeleg felt, meinte ordførar Arnulf Goksøyr (H).

– Ikkje vore nokon dialog

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad fortalde at administrasjonen handla raskt då dei i byrjinga av møtet blei kjend med saka.

– Vi har sendt ein mail til Statens vegvesen no i kveld, der vi skriv at vi er gjort kjend med arbeidet til Statens vegvesen. Vi har fått opplyst at arbeidet er gjort i samråd med Herøy kommune, men vi kan ikkje sjå å ha vore med på ein slik dialog, sa Kopperstad.

Ordet gjekk deretter over til dei folkevalde, som uttrykte klart og tydeleg at dette var ei løysing dei ikkje kunne vere med på.

– Det er klart at om dette har vore referatsak i formannskap og andre utval så har vi sove i timen. Men vi har moglegheita no til å seie at vi vil ha gangveg. Det vil vere heilt meiningslaust å lage ei ny bru der berre for å erstatte den som er der i dag, utan å gjere noko meir, meinte Svein Gjelseth (Ap).

Ole Brubakk (KrF) meinte det heile var ei viktig påminning.

– Eg må innrømme at eg har sett planane for brua som referatsak, men slik har det likevel blitt. Det er nok nødvendig at det blir bygd gangfelt. Vi kan seie at det skal bli etablert gangveg frå Lanternen og fram mot avkøyringa til Nautøya, meinte han.

– Toget går no

Bjarne Kvalsvik takka deretter for engasjementet, men minna nok ein gong om at ein ikkje har mykje tid.

– No er dette først ei sak om brua. Der må alt gjerast på ein operasjon, for det er ikkje godt å kome til i etterkant. Vi må få inn at vi ikkje kan akseptere dette. Denne brua skal vare i hundre år, og toget går no, sa Kvalsvik.

Kjell Runde, også han Folkelista, meinte at Herøy kommune kanskje måtte vere hjelpsame i denne saka.

– Eg vil tru at fylket allereie har funne pengar til brua, men ikkje til gangfelt. Kanskje må kommunen eventuelt forskottere gang- og sykkelveg, sa han.

Usikre på lengda

Dei folkevalde gjekk etter kvart inn i ein lengre diskusjon om kva lengd dei ynskjer på den eventuelle gang- og sykkel-vegen.

– Eg trur det er veldig viktig at vi konsentrerer oss om brua, meinte Stig Arne Sævik (H).

Han fekk støtte frå Kvalsvik.

– Bland ikkje inn meir gangveg når dei no skal bygge brua, sa han.

Henry Jøsokbakke (V) hella også i den retninga, men meinte at ein kunne ta sjansen.

– Det er nok litt for mykje å krevje at dei skal bygge gangveg frå Jensholmen til Nautøya-krysset. Men det er ikkje verre enn at dei som skal behandle saka kan seie nei, meinte han.

Egil Kjell Leikanger (Ap) meinte det var ein skummel taktikk.

– Om vi inviterer dei til å seie nei til ein del kan det bli nei til det heile. Lat oss konsentrere oss om brua. Dette bør vere eit vedtak om gangveg på brua, sa han.

Til slutt gjekk kommunestyret samrøystes inn for å krevje at det vert gang– og sykkelveg samstundes med bygging av ny bru. Ordførar Goksøyr såg behov for å presisere at det gjeld for brua, og fekk støtte for det.