Herøy kommunestyre hadde oppe to saker som involverer kontrollutvalet førre veke. Årsmelding for kontrollutvalet 2018, og interpellasjonen som Kjell Runde hadde på trykk i Vestlandsnytt tysdag 07. mai.

Det byrja roleg, og Gerhard Furø fekk tid til å orientere om kva kontrollutvalet jobbar med. Han kunne opplyse at i tillegg til han sjølv så er Stian Elveseter (nestleiar), Kristin Helsem Sævik, Ove Kåre Remøy og Oddbjørg Remøy medlemmar av kontrollutvalet. Vidare fortalde Furø at kontrollutvalet hadde fem møter i 2018, der dei behandla 41 saker.

Han tok seg også tid til å kommentere dei to innlegga som Bjørn Martin Aasen hadde på trykk i Vestlandsnytt i fjor haust, der Aasen stiller spørsmål rundt Herøy kommune si handheving av etiske prinsipp.

Dette sa kontrollutvalsleiaren om saken:

– Vi tok opp sakene på eige initiativ på møtet vi hadde den 26. september 2018. Vi kalla inn administrasjonen med rådmannen i spissen, og gjekk gjennom desse sakene. Men det er veldig viktig å presisere frå kontrollutvalet si side at vi ikkje skal drive med personalpolitikk. Då rotar vi oss heilt vekk. Men vi skal spørje, og kontrollere at ting blir gjort rett. Personalsaker skal handterast av administrasjonen, og ikkje av kontrollutvalet som det kjem fram i ein del skriv. Det som er beklageleg er at vi ikkje har moglegheita til å forsvare oss. Dette er sensitive saker, der vi ikkje kan forsvare oss. Vi har ikkje lov til å gjere det, og det er grunnen til at vi ikkje kan gi tilsvar på det som står i avisa, sa Furø mellom anna.

– Dei verkar livredde

Bjarne Kvalsvik (Folkelista) let seg ikkje imponere av det Furø hadde å seie.

– Vi er pålagde å ha eit kontrollutval, men eg har ofte stussa på om det har så store vitsen. Vi får desse årsmeldingane som seier at dei har behandla 41 saker, men hovudtyngda av dei 41 sakene er formalitetar. Når du har vore med i politikken i så mange år så får du eit inntrykk av at kontrollutvalet ikkje har tid til noko. Det verkar som at dei er livredde for å ta tak i noko, sa Kvalsvik.

Han meinte vidare at det er stor forskjell mellom dei ulike kontrollutvala.

– Det er også opp til dei forskjellige kontrollutvala kor aktive dei er, og kor aktiv leiaren er. Ser du til Hareid som er ei mykje mindre kommune om du ser på folketal og tilsette, så har dei ti saker meir. Det fortel meg om eit mykje meir aktivt kontrollutval, som pålegg sekretariatet å sjå nærmare på ulike saker. Det er mange som er mykje meir aktive enn Herøy. Her ser det ikkje ut til å vere ei einaste sak der utvalet sjølv har sett i gong ein kontroll eller eit tilsyn. Eg har ofte sett det å rapportere ei sak til kontrollutvalet som ganglaust, for det kjem ingenting ut av det, hevda Kvalsvik.

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) såg behov for å svare Kvalsvik.

– Det var ein interessant tirade dette, Bjarne. Eg ser ikkje mykje respekt i den. Eg er veldig skuffa over at dette fokuset var hovudmeldinga til utvalet, sa Goksøyr.

Kvalsvik meinte Goksøyr no oppførte seg som ein fotballkommentator.

– Ordførar, om du har lyst til å kommentere det eg seier, kan du be om ordet, og ikkje sitte der som ein fotballkommentator, svara Kvalsvik.

– Då kan eg seie at uttalen frå Bjarne Kvalsvik likna veldig mykje på ein fotballkommentator. Her har du laga ein tirade over arbeidet som eit sakleg utval har gjort, og framstilt det som at det har null verdi. Det meiner eg er synd, og det vitnar om mangel på respekt, kontra Goksøyr.

– Har berre høyrt eine sida

Deretter la Kjell Runde (Folkelista) fram den nemnde interpellasjonen sin, som mellom anna tek for seg saka til Bjørn Martin Aasen.

– Ei sak har alltid minst to sider. Kontrollutvalet har i denne saka berre høyrt sida til forvaltinga/rådmannen som kritikken er reist mot, og ikkje kva dei enkelte råka personane har å seie. Kvifor berre den eine parten? Kva tillit kan innbyggarane då ha til kontrollutvalet?, sa Runde mellom anna.

Ordførar Goksøyr tok ordet først.

– Vi må ha tillit til utvalet, og ei forventingsavklaring til kva utvalet skal gjere. (…) Du seier at kritikken av kontrollutvalet i lokalavisa har vore knallhard. Det kan godt hende, men av kven? Det er folk som har andre forventningar til kontrollutvalet enn det som er oppgåva til kontrollutvalet. Eg registrerer også at han Kjell Runde forventar at vi skal drage personalsaker inn for kommunestyret. Kommunestyret skal ikkje drive og behandle personalsaker. Det er administrasjonen si oppgåve å tilsetje og drive personalpolitikk. (…) Det er utruleg viktig at kontrollutvalet får vere eit kontrollutval, og ikkje ein domstol. Om dei kallar inn ein person til intervju i kontrollutvalet har dei gjort seg til ein domstol. Vi skal bruke kontrollutvalet til å sjå til at administrasjonen er i tråd med regelverket. Personalsaker høyrer berre heime i kommunestyret om rådmannen gjer nokre sprell, for det er berre han vi har tilsett, sa Goksøyr.

– Det er påstandar

Til slutt fekk også Gerhard Furø moglegheita til å svare på interpellasjonen.

– Eg meiner det er veldig alvorlege påstandar Kjell Runde kjem med. Det er om saker som kontrollutvalet på ingen måte skal rote seg bort i, og som han Arnulf (ordførar Goksøyr, red.mrk.) har gitt veldig klare direktiv og gjennomgangar på korleis vi skal forvalte, og gjere vår jobb ovanfor Herøy kommune, innleia kontrollutvalsleiaren.

Deretter fortalde Furø at utvalet har gjort ein grundig gjennomgang av interpellasjonen. Som svar til Runde sin påstand om at kontrollutvalet er vanskeleg tilgjengeleg, og ikkje å finne på kommunen sine heimesider, sa han at dette skuldast at utvalet ikkje har ein eigen sjølvstendig administrasjon, og at utarbeiding og oppdatering av nettstad er sekretariatet i Vest kontroll sine oppgåver. Dei har derfor ikkje separat heimeside. Furø sa også at dette er felles for alle kommunane som inngår i samarbeidet om tilsyn og kontroll. Han omtalte elles sekretariatet som kontrollutvalet sin viktigaste hjelpar.

Furø var samtidig takksam for innspel om korleis kunngjeringsforma kan gjerast betre.

– Ikkje eit klageorgan

Kontrollutvalsleiaren minna deretter om at utvalet ikkje er eit klageorgan.

«Det skal heller ikkje overprøve politiske prioriteringar som folkevalde organ gjer eller vurdere om politiske eller administrative vedtak er hensiktsmessige eller ikkje. Nettopp dette står i kontrollutvalsforeskrifta §4 som innsendaren viser til.», heiter det i kommentarane til interpellasjonen.

– Det er også påstand om at utvalet ikkje gjer jobben sin slik at ein får tillit til arbeidet vi gjer. Utvalet er valt av kommunestyret sitt fleirtal, og det er også kommunestyret som eventuelt må avsetje utvalet om det ikkje er tillit til arbeidet som vert utført, sa Furø.

– Har nokon brote teieplikta?

Kontrollutvalet nytta også høvet til å stille spørsmål ved korleis personane som skriv i avisa har skaffa seg informasjonen.

«Retten til å ytre seg kritisk tilkjem alle. Folkelista så vel som andre, også gjennom pressa. Men det er diverre ikkje alltid dei som kritiserer kjenner sakene godt nok – særleg ikkje når det handlar om saker som offentlege organ må handsame med varsemd grunna lovfesta teieplikt. Det er difor underleg at person (ar) som skriv i avisa og kritiserer kontrollutvalet gjer dette med grunnlag i kunnskap om personalsaker i kommunen. Er det nokon som har brote teieplikta med å leke til denne personen (ane) eller er det tilsette sjølve som brukar denne personen i staden for eller i tillegg til fagforeininga eller tenesteveg, heiter det i kommentarane.

Furø meiner det er naturleg å forvente at personen/personane tek kontakt med kontrollutvalet sjølve.

– Og dersom det kan godtgjerast at rådmannen eller administrasjonen har gitt kontrollutvalet urett informasjon, er det sjølvsagt noko utvalet vil vurdere å gå vidare med, sa han.

Ueinige om varslingsmoglegheitene

Furø og kontrollutvalet kommenterte også på påstanden om at tenestemenn opptrer illojalt til skade for andre personar.

– Vi kjenner ikkje til tilhøve som kan innebere brot på lov, avtale eller etiske retningsliner. Om slikt er tilfelle er det ei oppgåve for rådmannen å ordne opp i, for det skal ikkje førekome og kan ikkje aksepterast. Dersom Kjell Runde kjenner til noko som vi ikkje kjenner til, ber vi han om å legge det fram med skriftleg dokumentasjon snarast mogleg. Det vil bli behandla, sa Furø.

Han minna også om varslingsmoglegheitene.

– Arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige tilhøve dersom det ligg føre eit forsvarleg grunnlag for det. Kommunen skal ha eigne rutinar for slik varsling og varslaren er etter lova verna mot gjengjelding, sa Furø.

Kjell Runde takka Gerhard Furø for svaret, men var ikkje heilt overtydd.

– Du seier at meldaren er verna mot represaliar og likande. Det er feil, alle veit at meldar blir straffa på ein eller anna måte. Det blir ikkje noko forfremming, eller ny jobb. Greitt at lova vernar, men realiteten er noko heilt anna. For å ta eit døme: Om det er rådmannen som er problemet, kva då?

Det vart også siste ord i debatten. I alle fall for denne gang.