– Er det nokon her som synest det er heilt meiningslaust å sjå idrett på TV?

Frilansjournalist, forfattar og litteraturkritikar Guri Fjeldberg let spørsmålet henge i lufta medan ho ser etter ein reaksjon hos elevane i klasserommet.

– Sjølv merkar eg at eg får pulsauking når eg ser idrett på TV som eg lever meg heilt inn i, held ho fram.

– Men kva står eigentleg på spel? Kva skjer viss det går gale for hovudpersonen? spør ho.

– Han slår vel i veggen då, svarer ein.

Fjeldberg smiler:

– I idrett skjer det ingenting! Men i ein triller, viss det går gale, då døyr du.

Uttalen får elev Eirik Nørvåg Langberg til å protestere.

– Jau. Det skjer at vi tapar gullet. Og vi tapar. Og det skjer masse då ... Viss Manchester tapar mot Liverpool, veit du, då får desse Manchester-fansa høyre det heile veka, veit du. Så sjølvsagt skjer det noko. Det skjer noko uansett.

Resten av klassa, to lærarar og ein rektor bryt ut i latter. Fjeldberg også. Men så svarer ho:

– Jau, men det handlar om ære. Det står ikkje om liv altså. Eg får også eit kick av å sjå idrett. Samtidig så kan spelarane berre gå av banen, ta seg ein dusj, og verda går vidare. Men i «Bare spille ball» er det fleire ting som står på spel ...

Skal kåre Årets ungdomsbok

Klassa er i ferd med å diskutere éi av fem bøker som er nominerte til Uprisen. Om under to veker reiser dei nemleg til Lillehammer, som ein av sju klasser frå heile landet, for å kåre årets ungdomsbok på Norsk Litteraturfestival. To representantar frå klassa skal delta på debatt i Storjuryen, i lag med 12 andre ungdommar. Der skal dei argumentere for kva for bok deira klasse meiner er den beste. Dei fem bøkene er:

• «Slepp meg» av Katrine Nedrejord

• «Til ungdommen» av Linn Skåber

• «Den tolvte spelaren» av Tor Arve Røssland

• «Bare spille ball» av Michael Stilson

• «Sabotør» av John S. Jamtli

Bøkene er nominert av ein ungdomsjury, som har kome fram til nominasjonane etter å ha lese over tusen meldingar skrivne av niandeklassingar over heile landet.

Prosjektet starta allereie i februar, og i mars fekk niandeklassen på Stokksund skule besøk av den første profesjonelle rettleiaren, bokmeldar Karen Frøsland Nystøyl.

– Ho hjelpte elevane med å lage kriterium til korleis dei skulle vurdere bøkene, seier lærar Mia Wright, som er ein av to lærarar som skal bli med ned til Lillehammer.

– Det andre besøket var frå Bjarte Bakken i Foreningen! les. Han forklarte litt om kva som skal skje i Lillehammer og hjelpte elevane med diskusjon i grupper, fortel Wright.

Guri Fjeldberg, som er hyra inn som litteraturkritikar av barne- og ungdomslitteratur, står for det tredje og siste besøket i samband med førebuingane til kåringa.

Kvifor ungdom?

– Var dei ikkje flinke? Det synest eg.

Det har gått omtrent eit døgn sidan øvingsdebatten i klasserommet, og vi har Guri Fjeldberg på tråden frå ei mellomlanding i Trondheim.

– Vi har ein tendens til å tenkje at barn og unge er litt overflatiske i sine bedømmingar. Men når du høyrer desse elevane, som har øvd i over tre månadar, så er det utruleg kor finjustert målapparatet deira vert. Alle kan klare å setje eit terningkast på 30 sekund, enten det gjeld matpakka di eller eit TV-program – men det skal litt til å grunngi avgjersla. Det er utruleg kor mykje elevane har lært av å lese og diskutere desse fem bøkene, seier Fjeldstad.

Det vert spennande å sjå om dei vinn fram i debatten på Lillehammer. Førebels ser det ut til at niandeklassingane på Stokksund vil argumentere for at boka «Slepp meg» skal få 1.-plassen. Endeleg avrøysting vert halden førstkomande onsdag, ettersom ikkje alle elevane i klassa har kome gjennom alle fem bøkene endå.