Førebels har det vore nærast påtakeleg stille i Herøy og Sande om dei siste planane til NVE om vindkraft. I det som vert omtala som ei nasjonal ramme for vindkraft er det peika ut ei rekkje område der det kan kome vindturbinar. Hareidlandet, Gurskøya og det meste av Vanylven er omfatta av planane.

Vi presenterte planen rundt årsskiftet. Då vart det ingen vidare debatt, mellom anna med vising til at det var i tidlegaste laget å ta stilling til førebelse planar. No er det på høg tid å ta denne diskusjonen, også på politisk hald.

Det første spørsmålet er naturleg nok om det trengst ei omfattande, ny nasjonal satsing på vindkraft. Om det er tilfelle, vil det vere på sin plass å fastsetje kvar – og i kor stort omfang – utbygginga bør gjennomførast. På den andre sida må slike omfattande naturinngrep som vindkraft representerer, målast opp mot verdien av urørt landskap, friluftsliv og ikkje minst fugle- og dyreliv.

Dessutan kjenner ein til, på bakgrunn av liknande prosessar tidlegare, at lokkemiddelet økonomisk kompensasjon kan kome inn i bildet. Det siste vil seie at kommunar (og truleg grunneigarar) kan påverke dei lokale haldningane om dei får betalt for å opne opp areala sine for slike tiltak.

For ein del år tilbake gjekk debatten om Haugshornet vindkraftverk for fullt. Då vart søknaden avslått, særskilt med vising til fauna, natur og friluftsliv. Det er ikkje nokon grunn til å tru at desse faktorane i dag kjem til å bli vekta mindre enn ved førre krossveg.

-Ta vindmøllene til sjøs, er eitt argument. Utnytting av havvinden er for så vidt ein etablert industri, sjølv om Norge her heng noko etter. Men heller ikkje her vil større utbyggingar vere utan konflikter. Då snakkar vi i hovudsak om fisk, men også med omsyn til trekkruter for fugl.

Alle typer konsekvensar bør grundig utgreiast når det gjeld NVE sitt nye «moglegheitskart». Ta den lokale debatten.