Alle lever sine liv som dei vil, men der er visse ting vi burde tenkje meir over i dagleglivet. Vi veit i dag at jorda svekkast og forandrar seg ved forsøpling og utslepp av gassar. Plasten påverkar jorda mykje ved forsøpling, og den er vanskeleg å bli kvitt. Mesteparten er allereie ute i havet. Er det slik at vi burde skjerpe oss og ta eit stort grep rundt dette?

Kvar dag er det ein eller annan som går i butikken og skal handle inn varer. Dette er ein stad der mange kjem ut med hendene fulle av både ein og to plastposar, med varer pakka inn i plastemballasje. Sjølv om plasten er der til å halde maten haldbar over lenger tid, og at den kan vere positiv iblant, hamnar dette på feil plassar. Plasten er overalt.

No har det seg slik at plast som vi berre brukar éin gong, som eigentleg kan brukast fleire gongar, blir kasta ut i naturen fordi folk ikkje orkar å resirkulere eller berre finne næraste boss. Eg trur kanskje at dei generasjonane som kom før oss ikkje tenkte på kva som kom til å slå tilbake seinare. Men vi er ikkje så mykje betre. Både strender og grøfter rundt om i mange land er fulle av søppel, og det er ikkje bra.

Eg er ingen ekspert på dette, men forslaget mitt er at vi kan bli litt meir obs på kva vi gjer og verte flinke til resirkulering og rydding. Eg meiner at det skulane gjer, med å bytte på kven som ryddar rundt skuleplassen, eigentleg er ganske lurt. Alle burde sjå på problemet og finne ut kva dei sjølve kan gjere som ein liten forandring. For å nemne nokre tiltak, kan du blant anna bruke tøyposar når du handlar, og du kan bruke fleirgangskopp når du skal kjøpe deg noko å drikke (eks: kaffi, milkshake og så vidare). Ver ein venn for jorda vår, og hjelp til.