På onsdagens møte i samferdselsutvalet orienterte administrasjonen om saka etter eit spørsmål frå Bjarne Kvalsvik.

– Det vert omtala som heilt uaktuelt. Samferdselsavdelinga opplyste at det ikkje er aktuelt å setje inn «Utne» på sambandet frå årsskiftet, slik reiarlaget har kome med ønskje om, seier Kvalsvik.

Han spurde om det ikkje let seg gjere, likevel, med nokre enkle oppgraderingar.

– Svaret er at det trengst vesentlege arbeid med ferjekaiene før ei slik ferje kan gå inn her. Og det ønskjer ikkje fylkeskommunen å gjere før kaiene står å programmet for full opprusting, opplyser Bjarne Kvalsvik.

Slik han tolkar signala frå øvste hald, er det dessverre heilt uaktuelt å føreta noko «light»-oppgradering av ferjekaiene i sambandet i denne omgang. Alle kaianlegga treng oppgradering, og særskilt gjeld det Voksa og Larsnes.