Søknaden om etablering av eit matfiskanlegg på Voravika i Sande fekk i oppløpsfasen uventa skjer i sjøen. Mattilsynet gav nemleg avslag, mellom anna med vising til nærleiken til skipsleia.

Nyleg opplyste Mattilsynet at dei ikkje kan behandle klagesaka «før om eit år».

– Dette er etter vårt syn uakseptabelt, og vi meiner dette er eit døme på ineffektiv saksbehandling som slår bein under myndigheitene sine ambisjonar om vekst i marknaden, skriv regiondirektorat Asgeir Hasund i MOWI Midt, og Sande-ordførar Dag Vaagen, til Mattilsynet.

Det vert elles synt til at MOWI no har skissert konkrete tiltak som etter deira syn løyser problemstillinga på ein forsvarleg og smittesikker måte.

No ber MOWI og kommunen om at saksbehandlinga av klagesaka vert prioritert, og det vert også bede om eit snarleg møte med Mattilsynet sitt hovudkontor.