Eg kan no avsløre kva som hende då NSB vart til VY. Eg vil understreke at mange av opplysningane er forma i mitt eige hovud, elles hadde ikkje denne artikkelen vore mogleg å skrive. Med det vil eg også fråskrive meg eventuelle injuriesøksmål. Men som det heiter i mediespråket, dette er det vi har grunn til å tru:

Det starta med at ein av dei tilsette i leiargruppa fekk ein god idé. Han sprang med ein gong til sjefen sin og overtydde han om at NSB er eit sidrumpa og gamaldags namn som er utgått på dato «Vi må skifte namn, vi er ikkje konkurransedyktige lenger, dessutan eig vi bussar, det går ad undas om vi ikkje skiftar namn», ropte han høgt inn i øyra på sjefen. Sjefen var tankefull resten av dagen, men dagen etter var han også overtydd om at det kom til å gå hakkande gale med NSB dersom dei ikkje skifta namn. Saka måtte opp i styret straks.

Dei starta først med ei lita namnekonkurranse rundt lunsjbordet, det var til og med nokre som meinte at dei framleis skulle heite NSB. Men ikkje eit einaste namn fall i smak. «Kva gjer vi no»? spurde ein tvilande sjef. Svaret kom raskt frå ein kjekkas ved bordenden: «Her må det konsulentar til, ingen tvil om det». Sjølvsagt måtte dei leige konsulentar til dette, alle var rørande samde om det. For det finst konsulentar som er ekspertar på å finne opp rare namn, dei tek berre 3000 kroner i timen. Til rarare namna er, til dyrare blir det. Kontrakten med eit konsulentfirma vart skriven, og etter nokre månader invitere konsulentane til det som på fint heiter ein arbeidsmiddag, der alternative namn skulle presenterast.

Heller ikkje konsulentane hadde funne eit namn som fall i smak, men den seine middagen heldt fram. Så vart det nachspiel på eit hotellrom, alle var litt deppa fordi ingen hadde funne på eit nytt namn.

Dei storkosa seg, og stemninga steig fleire hakk ut over natta. Om lag klokka 04:30 reiste ein av konsulentane seg brått opp: «Eg har det, eg har det! ropte han triumferande, VY er namnet.» Alle vart glade og overraska over at dei ikkje hadde kome på dette namnet før. Det er no heilt logisk at eit selskap som køyrer tog og buss skal heite VY, sa dei høgt i kor.

Applausen på hotellrommet let ikkje vente på seg, og konsulentane ville også lage ein ny logo. Sidan heile styret var samla var vedtaket gjort der og då, og økonomiavdelinga fekk pålegg om å rekne på namnebytet. Konsulenten som fann på namnet, vart etter dette berre kalla «geniet».

Etter nokre veker kunne økonomiavdelinga legge fram prisen for dei to bokstavane, 280 millionar kroner. «Pytt, pytt sa styret, vi har staten i ryggen, og alle må skjøne at NSB er eit dumt namn frå gamle dagar. «Vi venner oss nok til det», sukka statsminister Erna Solberg diplomatisk

Men folk flest heldt på å flire seg i hel, kva slags jåleri er dette, spurde folk og gjekk amok på sosiale media. No er det ingen veg tilbake, barnet heiter VY.

Med utgangspunkt i noko borna mine song då dei var små, har eg laga ein song til ære for konsulentane og leiinga i NSB (VY) med ynskje om god betring.

Når sola går ned bak ein sky- kykeliky

Reiser alle langs sporet med VY- kykeliky

Viss toget ikkje går og alle vogner står

Må vi alle reise med fly- kykeliky

Dei som fann på namnet er kry-kykeliky

Som dei fann opp krutet på ny-kykeliky

Det blir taktfast applaus når toga sleppe laus

På ei reise ifrå by og til by-kykeliky

Dei som vaktar språket må spy-kykeliky

Dei er lurte heilt opp i stry-kykeliky

Men Erna seier ja, dette blir så bra

No skiftar ho namn til Gry- kykeliky

Men kva skal så namnet bety-kykeliky

Kva steller dei med i VY -kykeliky

Er det buss eller bil, tog eller fly

Eller er det ein kinesisk by-kykeliky

Ha ein oppfinnsam fredag.