Det seier ungdomsarbeidar og MOT-koordinator Mona Grethe Ryssevik til Vestlandsnytt.

Ho har fått med seg ein heil gjeng ungdommar (og nokre unge vaksne) inn i redaksjonslokale. Alle er med i samarbeidet om årets lokale ungdomsfestival.

– Dette er eigentleg PIR-festivalen som skifter namn til UNG festival, og som no skifter årstid, forklarer Mona.

Ja, for det rusfrie arrangementet for ungdom i alderen 13 til 20 år er blitt arrangert i ei årrekkje, og det har alltid vore godt besøkt. I år vert det elles rigga for besøksrekord, opplyser Carl-Henrik Moltumyr, som er vaktansvarleg. Det har to naturlege årsaker. Ungdommane forklarer:

– Det skjer samtidig som Havyard Cup, og då kjem det mykje folk frå fjern og nær, seier Sigve Storøy Hermansen.

– Vi har til og med fått ein førespurnad frå Buskerud, skyt Karoline Velsvik Sivertsen (Fritidsklubben) inn.

– Og så har vi ein stor artist som gjer at endå fleire vert interesserte, seier Mathias Løvøy.

Festivalen er, som tidlegare år, ope for alle ungdommar i nemnde aldersgruppe, også frå andre kommunar enn Herøy.

TIX

Vestlandsnytt har ikkje lukkast i å kome i kontakt med artisten som «alle» ungdommane vil ha, men på nettet har vi funne ut litt av kvart om den populære 26-åringen frå Bærum. Mellom anna skil nok privatpersonen Andreas Haukeland seg ganske mykje frå «russelåtkongen TIX» med dei elleville songane med til tider særs grovt språk.

TIX: An­dre­as Haukeland.

– TIX er ein stor kontrast til Andreas. Av og til blandar eg personlegdomane og det kan vere litt vanskeleg å vite kven som er kven. I utgangspunktet så elskar TIX fest og merksemd, medan Andreas er litt meir roleg og kan ta det chill, seier han i eit intervju med VG i april i år.

I eit anna intervju, i Dagbladet 6. juli 2018, får vi høyre historia bak artistnamnet, TIX.

– Eg har hatt Tourettes sidan barneskulen.

Det er også årsaka til at han alltid har på seg solbriller.

– Alle visste at eg laga rare lydar og gjorde brå rørsler av og til, men dei forstod ikkje kva det var før barneskulen. Først då byrja symptoma å bli enkle å tolke. Veldig få veit kor ille det er på tomannshand, for eg er ekstremt flink til å kamuflere det. Med ein gong eg kjem heim og er åleine, eller med mine nærmaste, slappar eg av og slepp alt- Ein høyrer og ser det. Det er veldig mykje lydar og veldig mykje energi. Eg har ein veldig belastande Tourettes, seier Haukeland til Dagbladet.

Akkurat no er Andreas aktuell i realityprogrammet Paradise Hotel på TV3.

Mads Veslelia

Festivalens andre trekkplaster, Mads Veslelia frå Hønefoss, som forresten fyller 28 år i dag, starta karrieren som Urørt-rappar, og laga musikk frå guterommet. Det verkeleg store gjennombrotet kom etter at han byrja å dele «søndagsvideoar» på Facebook, og internasjonale media har samanlikna han med rap-kongen Eminem.

Mads Ves­le­lia