Fylkespolitikaren tok opp saka som eit spørsmål til administrasjonen då samferdselsutvalet hadde møte denne veka.

– Svaret var nedslåande. Det kjem fram at det er tilsett entreprenør, og at byggjearbeidet vil starte om ikkje så lenge. Brua vert ein tilnærma kopi av den 40 år gamle brua som no skal rivast, seier Kvalsvik til Vestlandsnytt.

Han meiner dette er ein totalt feil inngang til framtidas trafikkløysingar.

– Ikkje minst forbi denne korte brua er viktig både i lokal og regional reiselivssamanheng. Ho knyt saman Lanternen og dei fasciltetane som er her, med Herøy Gard. Her er det parkering for Herøyspelet og til Herøy Gard, og ein kunne ha fått ei fin løysing for mjuke trafikantar.

Kvalsvik meiner dette kunne ha vore eit godt første steg mot gangveg heilt fram til Herøy Gard.

– Eg har sjekka opp i kommunen, og der kjem det fram at saka var lagt fram som referatsak både i formannskapet og maritim og teknisk komitè. Så her det er mange som har sove i timen. Saksbehandlarane i kommunen burde no uansett ha reagert, seier Kvalsvik.

Han legg til at ei lita bru over Brandalselva no er planlagt med gangveg-seksjon. Kvalsvik meiner det skulle berre mangle at ikkje ein tenkjer framtidsretta også når det gjeld Jensholmbrua.

Framleis ikkje for seint?

Han trur løpet framleis ikkje treng å vere køyrt for prosjektet til rundt 15 millionar kroner.

– I saka om Skarabakken vart det endringar etter at saka var klubba gjennom, og det burde det vere rom for også her. Vi burde ikkje minst av trafikksikkerheit kunne snu også i denne saka, seier Uavhengig valliste for Sunnmøre sin representant.

Når arbeidet startar, er det planen å setje opp ei mellombels bru. Denne blir operativ medan gamlebrua vert riven og erstatta av ei om lag tilsvarande bru.