Det seier Idar Tarberg etter at MT-komiteen i Herøy nok ein gong har snudd ei negativ tilråding om til eit positivt vedtak.

Denne gongen galdt det Marken marina på Leine. Der har Fylkesmannen gått sterkt imot ein søknad om dispensasjon for bygging av molo til vern av det nyetablerte naustområdet med småbåthamn.

Negativ til søknaden var også rådmannen, men politikarane valde derimot å seie ja til den omsøkte dispensasjonen etter å ha vore på synfaring då saka kom opp mandag denne veka.

Klart ja frå politikarane

– Vi greidde ikkje å sjå nokon av problema som Fylkesmannen har peika på med molobygginga. Etter vårt syn vil den omsøkte moloen ikkje vere til noko hinder for fri ferdsel i strandsona, men heller gi eit positivt bidrag til ålmenta. Difor blei det eit klart ja frå oss, seier komiteleiaren som fekk heile utvalet med seg på det positive vedtaket.

Gav ikkje godt nok vern

Søknaden om molo blei innsend då det viste seg at den utlagde bølgjedemparen ikkje gav godt nok vern mot vêr og vind. Dette gjer at båtplassane har vist seg å ikkje vere brukande til det dei er meinte for. Ein molo vil i tillegg opne for betydeleg utviding av talet på båtplassar i marinaen.

Ein molo i området vil også skjerme badeplassen og gjere området til ein samlingsplass for bygda, meiner søkjarane og viser til at bygdefolket generelt er svært positive til Marken marina.

Stort inngrep

Problemet for Fylkesmannen er at han ser moloen som eit så stor inngrep i strandsona at det ikkje kan vere ein naturleg følgje av at området austanfor er avsett til naust. På generell basis er vi skeptiske til at eit så omfattande tiltak blir etablert på bakgrunn av eit dispensasjonsvedtak, skriv Fylkesmannen.

Større tiltak som dette burde, slik Fylkesmannen ser det, få si avklaring på kommuneplannivå, der ein også får kartlagt behovet for ein slik molo. Og i motsetning til søkjarane kan Fylkesmannen ikkje sjå at moloen vil vere ein fordel for ålmenta sitt høve til friluftsliv i strandsona.

Også fylkeskommunen har frårådd dispensasjonssøknaden, og med tommelen ned frå desse to instansane var det med negativ tilråding saka vart framlagt frå rådmannen.

Må forvaltast fornuftig

Det er stor aktivitet og stort påtrykk på utbygging av og delvis nedbygging av strandsona i Leinevika. Fylkesmannen og fylkeskommunen påpeikar at som følgje av påtrykket og utbygginga som er på Leine bør dei sonene som er igjen av strandlinja forvaltast på ein fornuftig måte, skriv rådmannen.

Fleire saker

Marken marina er den andre molosaka på kort tid i Herøy som møter motstand frå Molde. Fylkesmannen har som kjent også gått sterkt imot moloplanane på Teigebogen, men dette er ei reguleringssak som ligg til formannskapet å avgjere.

Saka er òg ei av fleire der Maritim og teknisk komite har gjort positive vedtak i strid med Fylkesmannen sine tilrådingar. Dei fleste av desse har likevel gått i Fylkesmannen sin favør gjennom klagebehandling og endeleg vedtak gjort av settefylkesmann.

Slik kan det ende også med Leine-moloen om fylkesmannen bestemmer seg for å klage på dispensasjonsvedtaket og MTK sitt positive vedtak blir ståande som det endelege frå kommunen.