I Herøy samla elevar frå fem forskjellige barneskular seg på Havila stadion: Einedalen, Borga, Nerlandsøy, Moltu og Leikanger. I alt stilte desse skulane med 17 stafettlag. Tolv av dei kom frå Borga, tre lag kom frå Einedalen, medan Moltu, Nerlandsøy og Leikanger stilte med kvart sitt lag.

Også tre skular i Sande, Gjerdsvika, Larsnes og Gursken, har meldt seg på årets TINEstafett. Gjerdsvika skule stilte to respektive lag til start, medan Larsnes (12 lag) og Gursken oppvekstsenter (16 lag) har utsett sine stafettdagar til høvesvis fredag og tysdag.

Om TINEstafetten

TINEstafetten er Norges desidert største ungdomsmønstring for elevar frå 6.–9. klassetrinn. I utgangspunktet er der ti deltakarar på kvart lag (fire gutar og fire jenter + to reservar) som spring 200 meter kvar.

Det var Norges Friidrettsforbund som i 1993 kontakta TINE for å få sponsa ein friidrettstafett på skular. TINE vart med på dette samarbeidet for å motivere til auka fysisk aktivitet og bevisstheit kring kosthald hos ungdom. Norges Friidrettsforbund er teknisk ansvarleg for gjennomføringa av alle arrangement.