Leinebø, som representerer PHL Seagold og linebåten Leinebris, seier verdas største sjømatmesse er ein viktig møteplass.

– Eg har vore her sidan 1992. Det er hektiske dagar der det går nærast døgnet dreiande. Både for eigen del og i høve til norsk fiskeeksport meiner eg det er svært viktig å vere representert på ei slik samling, seier Leinebø til Vestlandsnytt.

Selje sitt eige og selje det norske

For Leinebris, som profilerer og sel mykje av produkta sine i den britiske og europeiske marknaden, handlar messedeltakinga både å selje seg sjølve og reklamere for norsk sjømat.

– Vi er ein del av den norske paviljongen her i Brüssel. Nils Sperre og Fosnavaag Pelagic er mellom dei andre som stiller frå norsk side, opplyser Paul Harald Leinebø.

Mykje av jobben i Brüssel dreier seg om kundepleie, men også å informere gjestene, verbalt og gjennom film og foto, korleis den linefanga fisken gjennom ein effektiv prosess hamnar i matbutikken, eller restauranten. Filètprodukta frå Leinebris er populære mellom anna som hovudingrediens i den klassiske britiske retten «fish & chips».

– For oss handlar det også om å knyte fleire kontakter og skaffe nye potensielle kundar, opplyser Leinebø på telefon frå Belgia.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik: – Norge har verdas beste sjømat

Tysdag vitja også ein kjenning av Leinebø den norske standen på messa, fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp). Han seier fylgjande etter besøket:

– Det er alltid interessant å møte norske selskap ute i verda og å høyre om deira planar. Norge har verdas beste sjømat, og bedrifter som desse gjer en viktig jobb for å få varene ut til endå fleire.

I løpet av tre dagar var det venta over 28.000 besøkande på messa, der rundt 90 verksemder kjem frå Norge.

– Sjømatmessa i Brüssel er mellom dei aller viktigaste møteplassane for sjømatindustrien, så det gler meg at norske bedrifter er så godt representerte. Det er svært viktig for posisjonen til norsk sjømat, sier fiskeriministeren.

I følgje ferske tal frå Norges Sjømatråd er det hittil i å eksportert sjømat til ein verdi av 34,5 milliardar kroner, ein oppgang på 9 prosent frå i fjor.

– Næringa er i sterk vekst, og bedriftene sitt marknadsarbeid er av stor betydning, konstaterer fiskeriministeren.