– Siste vekene har vi endra vårt dykkekonsept innan arbeidsdykking. No har vi gått til innkjøp av ein hurtiggåande båt som har base på Hareid, opplyser dagleg leiar Aksel Bringsvor i Sandsøy Servicebåt AS.

Frå før har selskapet tre nyare arbeidsbåtar som tenestegjer både for oppdrettsnæringa og andre bransjar i regionen.

– Dykkarbåten vil kunne har sitt kjerneområde frå Vanylven i sør, innover Storfjorden og nord til Molde. Han er bemanna 24 timar i døgnet, opplyser Bringsvor.

Dei tilsette er kursa i det som trengst for å kunne føreta arbeidsdykking, og har også moderne, tenleg utstyr til arbeidet.

– Vi leverer i stor grad tenester til oppdrettsnæringa, men denne båten vil også ta ei rekkje andre oppgåver, som tau i propellen, propellpolering, undervassreingjering med meir. Vi tenkjer også at båten blir nyttig til i samband med redningsoppdrag og ved heving av båtar, opplyser Aksel Bringsvor.

Selskapet er no oppe i 21 fast tilsette, samt ekstrahjelp ved behov.