Nytt tilbod for barn:

Miljøagentane er i gang

Torsdag var det oppstartsmøte for eit eige miljøagentlokallag i Herøy.
Nyhende

Møtet gjekk føre seg i lokala til Herøy frivilligsentral på kulturhuset. Seks ivrige små, saman med føresette, møtte opp for å utforske kva dette nye tilbodet for barn til og med 15 år er for noko. Med på møtet var også Bjørn Erik Løken. Han er organisasjonsagent for Miljøagentane nasjonalt, og stod fyrst for det formelle oppstartsarbeidet. Her vart det spørsmål om kor mange av dei frammøtte som ynskte å vere med. Hendene til dei små spratt då raskt i vêret.