Både Henrik Hauge Pettersen og Jonas Kvalsund Hansen spela suverent i helga. Jonas vann alle sine seks kampar fram mot semifinale, og Henrik tok fem sigrar, og hadde berre eitt tap, skriv biljardklubben.

I semifinalen var det duka for eit skikkeleg klubboppgjer mellom dei to lokale gutane.

– Det var ein naglebitande kamp, men då stillinga blei 5–5 stakk Jonas av med sigeren, og finaleplass, skriv dei.

Kvalsund Hansen i finalen

I finalen var det duka for kamp mellom Jonas Kvalsund Hansen og Emil André Gangfløt frå Ask biljardklubb.

– Det var og ein veldig spennande kamp, men dessverre vart Emil litt for sterk denne gongen, og stakk av med sigeren 6–4. Men det var små marginar som skilde dei to spelarane, og Jonas kjem nok sterkare tilbake neste gong.

– Det er flott å sjå at våre unge talent i HBK hevdar seg nasjonalt. Det viser at det er gode utviklingsmoglegheiter for unge håpefulle i vår vesle klubb i Herøy. Vi gratulerer Henrik og Jonas med ein flott innsats og med sølv og bronse, heiter det frå HBK.