Ber vasslaget vurdere flaumrisikoen

Svartevatn 

Nyhende

Herøy vasslag blir bedne om å vurdere risikoen for flaum etter ei avvikling av Svartevatnet og Vikevatnet som vasskjelder. Kommunen ber òg vasslaget vurdere situasjonen med krisevatn etter at demningane er fjerna. Herøy kommune har sjølv ikkje noko ønskje om å overta anlegga, men ber om at avviklinga blir gjennomført på ein måte som gir minst muleg sår i naturen.