– Det er skjemmande!

Formannskapet vil gå aktivt inn for å fjerne det gamle bilvraket som no er plassert langs innfartsvegen til Fosnavåg.

MÅ FJER­NAST: Ass. råd­mann An­dre­as Chr. Nør­ve vil gå ak­tivt til verks for å fjer­ne det gam­le bil­vra­ket i inn­køy­rin­ga til Fos­na­våg. Bil­vra­ket har no blitt ein «at­trak­sjon» for alle som vit­jar Fos­na­våg.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Etter at siste del av Skarabakken-prosjektet tok til for nokre veker sidan har Gerhard Voldnes veg blitt innfartsvegen til Fosnavåg sentrum. Det betyr at alle som skal til Fosnavåg må køyre forbi det gamle bilvraket, som har vore klaga på i fleire år.