Sanco Shipping-selskap kjøper Remøy Shipping-båt

Remøy Shipping sitt søsterselskap Remship AS har i dag selt skipet Geco Scorpio til eit selskap i Sanco Shipping konsernet.

Geco Scorpio  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Fartøyet er eit seismikk support fartøy, bygt i 2000. Salet er ein del av Remøy Shipping sin strategiske flåteutvikling, skriv daglag leiar i Remøy Shipping Karl-Johan Bakken i ei pressemelding.  Skipet har vore i Remøy Shipping sitt eige sidan det blei overlevert fra Søviknes Verft i 2000. Det har fungert i seismikk industrien kontinuerleg fram til utgangen av 2017.

Skipet vil bli oppgradert ved Myklebust Verft og få namnet Sanco Scorpio. Skipet vil vere klart for nye oppdrag i slutten av Juni 2019. Sanco Shipping vil drifte skipet fremover saman med dei andre skipa i selskapet. Dagleg leiar i Sanco Shipping AS Ivar Slettevoll.