Han er ny leiar for MAFOSS

Jan Tormodsæter tek over stafettpinnen etter Terje Høybakk.

Jan Tormodsæter: Tek over på fast basis etter Terje Høybakk.   Foto: MAFOSS

Nyhende

Styret i MAFOSS (Maritim forening for søre Sunnmøre) har tilsett Jan Thormodsæter som dagleg leiar i MAFOSS. Han tek over etter Terje Høybakk, som har gått over i ei rolle som seniorkonsulent.

Tormodsæter har det siste året også vore konstituert i leiarstilinga.

– Eg gler meg over utfordringa, og ser fram til nye og spanande oppgaver. Eg er også heldig med at Terje framleis er på huset ei god tid, seier Thormodsæter i ei pressemelding.

– MAFOSS har ein posisjon vi kan vere stolte av, men vi kviler ikkje på lauvbæra. Vi skal jobbe hardt framover for å sikre at medlemene våre har det beste utgangspunktet for å lukkast både som enkeltbedrifter og som del av ei sterk og verdsleiande klynge, seier Thormodsæter.

Oddvar Saunes ny styreleiar

På årsmøtet til MAFOSS den 30 april vart Oddvar Saunes valt inn som ny styreleiar. Han har lang fartstid i maritim bransje, han har vore fleire periodar innom styret i MAFOSS, og kjenner godt til oppgåvene og utfordringane ein står ovanfor.

– Eg gler meg over utfordringa eg har fått, og ser fram til eit godt samarbeid med administrasjonen framover, seier Saunes i ein kommentar.MAFOSS feirer 50 år i år, noko som skal markerast ui oktober.