– Er det nokon som veit kva dette er slags fisk, spør Ane Havnegjerde.

Rundt ho sit tredje- og fjerdeklassingar frå Stokksund skule. Ivrige skyt dei hendene vêret. Nokon klarar derimot ikkje å halde seg.

– Torsk, bryt ein av dei ut.

– Ein gong fekk vi ein slik fisk som var større enn meg, seier ein annan

– Eg har sett den i andre fargar faktisk, avbryt ein.

Museumsformidlaren frå Ålesund museum roar ned gjengen ved å utfordre dei med fleire spørsmål om alt ifrå fiskesortar til korleis dei vert fiska. Elevane fylg spente med i det ho fortel og syner fram ulike kart og modellfiskar.

Stig om bord

Nokre steinkast unna gruppa som sit på land for undervising, ligg den flotte bankskøyta Storeggen frå Ålesund til kai. I det vi nærmar oss den flotte trebåten kan vi høyre kaptein Lars Leine rope instruksar til elevar frå Moltu skule.

– No må alle hale i og dra om vi skal få opp seglet. Hal i og dra!

Det ser alt ifrå lett ut. Elevane sklir rundt på dekk som om det skulle vere ei skøytebane. For kven skulle trudd, dekket er såpeglatt av masse snø og slaps, «kom mai du skjønne milde». Trass at ein og anna fell på rumpa, er det ein smilande og hardtarbeidande gjeng som følger kapteinens instruksar. Etter det eine seglet er heisa, bryt Leine ut.

– Er de klare for storseglet no då?

– Seriøst, må vi «hal i og dra» her også, sukkar ein elev og famlar litt med auga.

Leine flirer litt og seier at han berre spøker. Han ber elevane kome nærmare den store masta midt på dekk.

– Ser de desse sprekkene her, spør han, mens han fører handa over den sprokne, store tremastra.

– Her brukte dei faktisk å putte pengar for å «kjøpe» seg god vind. Kan ein gjere det, trur de?

Elevane ser på kvarandre og ristar på hovudet.

Vil gjere elevane stolte

Etter ei nøye innføring i livet på dekk ved kaptein Leine, dukkar det opp ei dame frå luka som fører under dekk.

– Er de klare til å kome ned her for å sjå korleis det ser ut under dekk, spør formidlar Ingvill Nålsund smilande til elevane.

Dei er ikkje vonde og be. Under dekk samlar elevane seg på benkane. Lukta av tjære ligg i lufta noko Moltu-elev Adrian Sandnes Pettersen så vittig påpeikar.

– Her lukta det godt. Om det er noko som kan etast, så vil eg gjerne smake det, flirer han litt ironisk.

Ingvill Nålsund startar å fortelje om korleis det var å leve om bord for mannskapet den gong skøyter som denne segla til havs for å fiske. Ho fortel også segner om mytiske vesen som «Marmelen», medan elevane får prøve ut både hengekøyene og sengene på veggane. Etter å har runda av seansen kan Nålsund fortelje oss litt meir om konseptet som Stiftinga Sunnmøre Museum i desse dagane reiser rundt med.

– Denne veka har vi tilbode fyrstereis for 3.- og 4. trinnet for alle skulane i Herøy. Dette handlar om å gjere klar neste generasjon til den marine og maritime næringa. Vi vil gi dei stoltheit og kunnskap om dei historiske linjene dei er del av, med å gi dei eit lite innblikk i korleis det var om bord i skøyter som denne, tilbake då dette var ein viktig farkost, forklarar ho.

Herøy i særstilling

Utover dette kan også museumsformidlaren fortelje at Herøy kommune i år er i ei særstilling når det gjeld kulturarvformidling til skuleelevar, og at det i år er sett fylkesrekord. Ikkje nok med det; Herøy-elevane kan også gle seg til fleire kulturelle tilbod frå Stiftinga Sunnmøre Museum i år.