Den nye helseplattforma «Ein pasient – ein journal»:

Jobbar med ny helseplattform: – Blir mykje meir effektivt

Formannskapet i Herøy er svært positive til det nye helseplattform prosjektet «Ein pasient – ein journal». Dei trur det nye systemet vil vere positivt for alle involverte.

TOM­MY DAHL: Er Søre Sunn­mø­re sin pro­sjekt­lei­ar når det gjeld den nye hel­se­platt­for­ma, «Ein pa­si­ent – ein jour­nal». Tys­dag ori­en­ter­te han i for­mann­ska­pet i Herøy.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Regjeringa har sett seg eit mål om at helsetenesta skal effektiviserast betrakteleg, både for å hjelpe helsepersonell til å raskare kunne danne seg eit fullstendig bilete av pasienten eller brukaren, men og for at pasientane skal sleppe å gjenta dei same opplysningane kvar gong dei oppsøker helse- og omsorgstenesta.