Herøy-selskapet gjennomførte frå 28. august til 28. februar ein innteningstest for samtlege 23 skip. No skriv nett.no at tolv av skipa feila i testen. Etter avtalen om restrukturering kan långjevarane dermed overta skipa. Eitt alternativ er at skipa vert selde, der långjevarane får aksjar for manglande dekking av gjelda, eller at det vert reforhandla andre løysingar.

Nett.no syner til årsapporten frå selskapet, der det kjem fram at styret i Havila Shipping håpar på at ei ny reforhandling syter for at skipa vert verande i selskapet. Skipa det gjeld, er Neptune, Mars, Mercury, Jupiter, Venus, Aurora, Borg, Clipper, Commander, Foresight, Harmony og Subsea.

I årsrapporten frå Havila Shipping som vart send ut frå selskapet denne veka, heiter det frå adm. dir. Njål Sævik:

– Det er betre tider, men eg reknar ikkje med at 2019 vert det året vi har gått og lengta etter sidan krisa sette inn. (...) Alle involverte partar bør denne gongen bidra til å skape reiarlag som kan stå gjennom resten av krisa. Sannsynlegvis vil nokre verte borte.