– Er det ikkje eit utval som skal sjå på moglegheitene for å ha ein klubb på Gurskøya?

Det sa Lars Ivar Moldskred under det opne møtet som Høgre arrangerte i Myrvåg førre veke. Representantane frå dei tre klubbane i indre Herøy stadfesta meir eller mindre det tjørvågaren sa.

– Eg trur at om bygdene samlar seg litt meir, og samarbeider så kjem vi til å stå sterkare, meinte Stig Moltu (Moltustranda IL).

Vestlandsnytt kom dessverre i skade for å spis­se over­skrif­ta litt for mykje i tys­da­gens papiravis, då vi spekulerte i om klubbane vurderer å slå seg saman. Det er ik­kje pla­nen at dei tre id­retts­la­ga skal slå seg sam­an, i alle fall ik­kje i nær framtid.