Rettssaka mot mannen skal snart opp i Sunnmøre tingrett. Tiltalen er på åtte punkt.

Eitt av punkta gjeld forsøket på å svindle til seg varer gjennom ein spesiell variant. Mannen klipte av leidningane til betalingsautomatane ved to forretningar, slik at desse vart sette ut av spel.

Deretter tileigna han seg varene, og unnlèt å opplyse at han ikkje hadde tenkt å betale for varene.

Den spesielle svindelmetoden vart forsøkt brukt ved ei forretning i Fosnavåg 19. februar i år. Etter å ha klipt sett betalingsautomaten ut av spel, fekk han dei tilsette til å utlevere varer for 9.728 kroner til han.

Neste tilfelle – med same metode – skjedde tre dagar seinare ved ei forretning på Moa i Ålesund. Her fekk han utlevert varer for 22.114 kroner, igjen ved først å ha klipt av leidningane til betalingsautomatane.

Fleire tiltalepunkt

Tiltalen inneheld fleire punkt. Han vart teken med hasj på seg i Ålesund i oktober i fjor. Mannen braut seg i februar i år inn i ei leilegheit i Herøy etter først å ha knust ei rute i inngangsdøra.

Tiltalen inneheld også eit punkt om tjuveri på 3.000 kroner frå ein privatperson i Ålesund, i februar i år. Dessutan skada mannen i fylgje Politimeisteren i Møre og Romsdal ein bil i Ålesund i oktober i fjor.

Mannen er også tiltala for å ha køyrt bil utan å ha gyldig førarkort. Tiltalen inneheld også punkt om bruk av dei narkotiske stoffa kokain og GHB.

Det siste punktet i tiltalen gjeld oppbevaring og avfotografering av ein annan person sitt bankkort. Dette vart sendt til ein tredjemann, med oppmoding om å svindle eigaren av bankkortet.