Herøy kommunestyre har som kjent gjort vedtak om å kjøpe eit større areal i området ved skulen og fotballbana i Stokksund. Området skal brukast til oppføring av eit nytt bustadfelt.

Det er også ein av grunnane til at Tjørvåg IL no vil bygge ein sjuarhall.

– Kjem bustadfeltet, er både skulen og bana sprengde, sa Aasmund Eide frå Tjørvåg IL under det opne møtet tysdag.

Han fortalde at prosjektet tidlegare har vore vanskeleg å realisere på grunn av ei usemje om ein veg i området, men at dette er løyst no som kommunen kjøper området rundt.

Fleire av dei frammøtte ville vite kva Tjørvåg IL tenkjer rundt at det aktuelle området blir omtala som eit «myrområde», og Eide informerte om at det første idrettslaget vil få gjennomført er ei grunnundersøking. Denne skal finne stad så fort som mogleg.

Når det gjeld finansiering håpar Tjørvåg på meir hjelp.

– Til ein slik isolert hall, kan ein få opptil fem millionar i spelemidlar. Men vi håpar at kommunen vil bidra. Denne hallen kjem til å bli brukt av skuleelevar på dagtid, sa Eide.

Han kunne elles informere om at det er tre typar fotballhall, der den Tjørvåg IL vil bygge er av den mellomste typen. Bergsøy IL sin «Fiskarhallen» er til samanlikning av den største typen.

Hallen vil ha kunstgras som dekke.