– Det har kome er eit innspel frå Sunnmøre Museum, og så får vi som soknar til kyrkja kome tilbake til kva som vert det endelege resultatet.

Det opplyste leiar i Kyrkjeringen for Sande sokn, Anne Marit Kvamme, under ei kulturell samkome i Sande kyrkje nyleg.

Unntak på grunn av verdien

Konservator Line Iversen ved Stiftinga Sunnmøre Museum var tidlegare i år på synfaring i Sande, med messehakelen som tema. Nyleg melde ho til Sande kyrkjelege fellesråd at dei er interesserte i klenodiet:

– Musèet har som prinsipp å ikkje motta deponi, men vi vil gjere eit unntak på grunn av den store kulturhistoriske verdien messehakelen har, heiter det frå Iversen og Sunnmøre Museum.

Også ein nyare messehakel, frå slutten av 1800-talet, var synt fram på orienteringa der Iversen vart med. Denne er no teken med til Sunnmøre Museum for ei betre umiddelbar oppbevaring.

Frå bruk til bankkvelv

Messehakelen frå 1400-talet har dei seinare åra vore lagra i kvelven til Sparebanken Møre. Men han vart nytta ved høgtidsgudstenester i Sande kyrkje så seint som på 1980-talet, av dåverande sokneprest Helge Nesse. Arkeolog og kyrkjehistorikar Øystein Ekroll har studert messehakelen ved fleire høve, og har ei bestemt oppfatning om at han opphaveleg kjem frå Nidarosdomen.

– Dette er eit fantastisk klenodium, godt bevart med sine flotte motiv, brodert med gulltråd, sa Ekroll under den nemnde kultursamlinga i Sande kyrkje nyleg.

Ekroll hadde også eit foredrag om messehakelen under Sandemessa på Larsnes i 2012, der publikum også fekk ta messehakelen nærare i augesyn.

Tilrår ikkje bruk eller utstilling av messehakelen

Fellesrådet i Sande vende seg til Sunnmøre Museum med to spørsmål. Det eine gjekk på om messehakelen kan nyttast under gudstenester, og om han eventuelt kan stillast ut i kyrkja.

Konservatoren frårår begge desse to alternativa:

– Eg frårår på det sterkaste at messehakelen vert brukt. Dette på grunn av alder og tilstand. Messehakelen er i relativt god stand teke i betraktning at han er så gamal, men han har skader som gjer at han bør bli handtert minst mogleg, heiter det mellom anna frå Line Iversen.

Heller ikkje å stille ut objektet meiner ho er tilrådeleg. Dette mellom anna på grunn av at lys og kunstig lys vil forringe kvaliteten. Ho har likevel full forståing for ynskjet om at lokalbefolkninga og andre skal få «ta del i denne skatten».

Konservatoren meiner det er veldig bra at messehakelen har blitt bevart liggande flat i ei kasse i ein bankkvelv dei seinare åra. Kassa er rett nok i kortaste laget, slik at kledet har blitt liggande med ein liten bøy nedst nede.

Bilde og informasjon

Forslaget frå fagleg hald er altså at messehakelen verken vert brukt eller stilt ut.

– Men i staden kan de få laga store bilde som syner kor praktfull han er, gjerne i 1:1-storleik og på begge sider. Ved bilda kan de henge informasjon om historikken, og forklaring på kvifor ein stiller ut bilde i staden for sjølve objektet, heiter det.

Fellesmagasinet til Sunnmøre Museum, i Borgundgavlen i Ålesund, er moderne, klimastyrt og med sikring for musemsgjenstandar, vert det opplyst. Sande kyrkje vil framleis vere eigar av klenodiet, sjølv om det skulle ende på museum.