Lokale klubbar får utstyrsstøtte

Tre klubbar i Herøy og Sande får støtte til kjøp av utstyr.

BERGS­ØY IL: Er den stør­ste klub­ben i Her­øy, og får også mest i støt­te, 11.704 kro­ner. ar­kiv­fo­to: bjørn­ar t. sæ­vik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Dei siste åra har Idrettsforbundet hatt ei ordning der klubbar kan søke om inntil 33 prosent i spelemidlar til innkjøp av ulike typar utstyr. I 2018 var den gjennomsnittlege tildelinga på om lag 27 prosent av godkjent søknadssum.

Prosjekta som gir støtte er:

* Innkjøp av 3ar baner (10x15 meter).

* Innkjøp av minimål for 3ar fotball.

* Innkjøp av komplette mål 5x2 meter.

I Herøy og Sande er det Bergsøy IL (11.704 kr), Gurskøy IL (5.456 kr) og Larsnes IL (7.339 kr) som får støtte.

Totalt blir det betalt ut 160.000 kroner til 16 klubbar på Sunnmøre.