Vil i møte med leiinga av Insula:

Insula møter kommunen 6. mai

Sande kommune fryktar det verste, men har invitert Insula AS på ein snarleg, konstruktiv dialog når det gjeld fiskematbedrifta i Gjerdsvika. I går vart møtedatoen spikra.

Maritim Food Gjerdsvika: Ordførar Dag Vaagen og Sande kommune skal i møte med Insula, i tillegg til det lokale næringslivet, for å drøfte stoda og vegen vidare for anlegget i Gjerdsvika. Etter det Vestlandsnytt skjønar har næringslivsfolk i Gjerdsvika denne saka på agendaen, førebels utan at det har kome konkrete utspel.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Førre måndag gjekk det ut eit brev frå Sande kommune ved ordførar Dag Vaagen til Insula AS på Storeidøya i Leknes. Her vert det synt til tidlegare dialog om saka, og ein minner om at det om kort tid skal fattast vedtak om framtida til anlegget i Gjerdsvika (Maritim Food).