Det er ikkje akkurat noko raud snor som blir klippa av då generalsponsor-representantane, Per Ronald Knutsen og Marthe Vågsholm Sævik går på scena. Men, men - ein ethernet-kabel får vel duge, og med det er HerøyLAN 2019 i gang. Tre karar, Jon Christian Ulvan, Carl-Henrik Moltumyr og Kristoffer Moldskred, pustar letta ut i det lysa i Herøyhallen vert erstatta av fargelyskastarar og dusare belysning.

– Ja, no er det godt å endeleg vere i gang. Når det står på som verst, spør vi oss ofte om kva type dugnad vi eigentleg driv på med, men med ein gong vi slår av lyset og ser andleta på crewet, deltakarane og alle i salen, er alt verdt det, utbryt Ulvan.

– Vi har klart det i år igjen. Takka vere ein frivillig gjeng på nær 60 personar, kommunen og gåvmilde sponsorar, har vi stabla på beina eit arrangement som, etter alt å døme, knuser fjorårets rekord. I år har vi heile 200 dataplassar, 50 fleire enn i fjor, legg Moltumyr til.

Berre veks og veks

Og dei 50 nye speleplassane er ikkje den einaste måten HerøyLAN veks på, blir vi forklart.

– Vi kan nemne at vi i år tilbyr det største internettet på Sunnmøre. Vi har ei linje på 10.000 megabit. I tillegg til aktivitetar som vi har hatt tidlegare, som bumper-balls, paintball og bading, har vi i år ei betydeleg satsing på E-sport. Vi har rigga opp ein profesjonell scenerigg med alt av det beste utstyret, slik at konkurransane våre blir køyrde på same måte som på dei største E-sport-arrangementa rundt omkring. Dette er eit samarbeid med Tussaligaen, og vi har ein samla premiepott på 30.000 kroner, skryter Ulvan og Molumyr. Dei er begge tydeleg stolte av alle som er med på laget.

– Så må du hugse skrive at dei får gratis frukt.

Mathias Dybvik, bevertningsansvarleg, skyt inn kommentaren i forbifarten.

Trygt!

Med det aukande deltakartalet, kjem også eit større ansvar. Med sin nulltoleranse for rusmiddel og sitt sterke fokus på tryggleik, har derfor arrangørane i år auka sikkerheitstiltaka kring arrangementet.

– I år går vi gjennom alle baggar og sjekkar alle som går inn og ut av bygget, forklarar Moldskred, som poengterer at HerøyLAN skal vere ein trygg stad for ungdomen i påska.

– Vi tek godt vare på dei, seier han.

– Bra dei tek sikkerheita på alvor

Deltakarane ser ikkje ut til å ha noko å seie på tryggleiken heller. Vi tek ei runde ut blant havet av datamaskiner og speleglade ungdom. Her treff vi mellom anna Mats Igesund. Han stortrivast så langt.

– Eg synest det er kjekt å vere her, og eg må seie det er bra at det er så streng kontroll på ting som her er, seier 15-åringen.

Vil satse på E-sport

Blant dei fargesprakande lysa frå datamaskinane, møter vi også to jenter som har teke turen på LAN. Kamilla Moltu og Hermine Dalsøren er, som Igesund, glade for å vere her.

– Eg diggar å vere her. Det er sosialt og gøy, seier Dalsøren.

Medan vi pratar med jentene, legg vi merke til trøyene dei to har på seg. Dei er nemleg iførte lagdraktene til den nye, lokale storsatsinga innanfor E-sport på Sunnmøre, Metizport.

– Vi er med på laget, ja. Vi har eit eige jentelag som speler CS (dataspelet Counter Strike red mrk.). Førebels er vi berre to, men vi er like fullt gira på å bli gode og prøve og satse, seier Moltu til Vestlandsnytt, før ho snur hovudet mot PC-en og tek opp der ho slapp i den virtuelle verda.