Vi byrjar sjølvsagt med damene. Etter ein sesong som samarbeidslaget Bergsøy/Tjørvåg/Gurskøy er det Bergsøy IL som er klubbnamnet i år. Ser ein på spelarane er det derimot mykje av dei same.

Fekk ein vanskeleg start på sesongen i fjor, men vart berre betre og betre utover sesongen. Damelaget har teke steg over lengre tid, og sjansen er stor for at laget klivrar litt på tabellen i år.

(Saka held fram under bildet)

Stian Langlo Driveklepp: Vestlandsnytt sin journalist med eit vake auge mot sportsverda har tippa korleis seniortabellane kan bli sjåande ut etter sesongslutt. arkiv Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Favoritt til å vinne serien er Hødd 2. Ulstein-laget sine nest beste vann også i fjor, men hadde då ikkje høve til å rykke opp. Generelt for laga i denne divisjonen er stor utskifting av spelarar, noko som gjer det vanskeleg å spå tabellen. Tipset må difor reknast som noko uhøgtideleg.

4.- di­vi­sjon kvin­ner

1. Hødd 2

2. Ør­sta

3. Valder

4. Bergs­øy

5. MSIL

6. Stran­da/Sunn­yl­ven

7. Spjel­ka­vik/ Herd 3

8. Ravn 2/ Bratt­våg 2

I sjettedivisjon tok Hasundgot til slutt opprykket i fjor, etter ein svært spennande avslutning på sesongen. Både Bergsøy 2 og Vanylven måtte sjå seg slått på målstreken. Sæbø kjem ned frå femtedivisjon, der dei berre tok 13 poeng på 22 kampar. Ein opprykkskandidat, men ikkje opprykksfavoritt. Elles merkar vi oss at serien i år dekkjer heile Søre Sunnmøre, og at Ørsta 2, Åmdal, Vartdal, Sæbø og Flø er nye lag. Hødd 3 og Hareid 2 stiller ikkje lag i år.

Det blir fort ein opprykkskamp mellom Bergsøy 2, Sæbø og Vanylven. Stor usikkerheit knytt til kva lag Bergsøy 2 vil stille. Bergsøy sitt A-lag har i år ei tynn tropp både i forsvar og i midtbaneleddet, men eit godt utval av angrepsspelarar. Det kan vel derfor fort bli eit ungt lag, krydra med enkelte angrepsstjerner for Bergsøy 2. Vanylven lukkast ikkje i fjor, men har eit svært god lag. Dei har mellom anna spela uavgjort mot både Bergsøy og Larsnes/Gursken i oppkøyringa. Vi trur det går Vanylven sin veg denne sesongen.

6.- div. avdeling 2

1. Van­yl­ven

2. Bergs­øy 2

3. Sæbø

4. Vart­dal

5. Ør­sta 2

6. Åm­dal

7. Tjør­våg

8. Gjerds­vi­ka/LGFK 2

9. Flø

Førre sesong levde spenninga heile vegen i 4. divisjon, men Bergsøy måtte til slutt innsjå at AaFK 2 blei for sterke. AaFK 2 har no bytta plass med Hødd 2 i divisjonssystemet, og Hødd 2 er på ingen måte like gode som Aalesund sine nest beste. Stiller eit svært ungt, men talentfullt lag. Hødd 2 blir å sjå på øvre halvdel, men ikkje heilt i toppen.

Om ein ser vekk ifrå AaFK 2 var Bergsøy det klart beste laget førre sesong. Har bytta ut suksesstrenaren Toni Sandanger med Tommy Malins. Engelskmannen har mest erfaring som spelarutviklar, og er god i arbeidet med spelarane. Som kampleiar er han derimot relativt uerfaren, og det har verkeleg gått opp og ned med Bergsøy i treningskampane. Spelte lenge med ei trebackslinje, og slapp inn mykje mål. Har verka meir solide etter at formasjonen blei endra til 4-2-3-1, og fekk også ein sterk 3-0-siger mot Averøykameratene i NM-kvaliken. Bergsøy er ikkje like gode som i fjor, men likevel gode nok til å vinne serien i år.

Minst like spennande blir det å sjå korleis det går med Anders Helsem Hoff og Larsnes/Gursken. Blir av fleire spådd ein sesong i botnen av tabellen, saman med Hareid. LGFK har fått inn Gustav Dimmen og ikkje minst Steffen Moltu i vekene før sesongstart. Dei må reknast som solide forsterkingar, og vi trur LGFK klarer målet om ein plass rundt midten av tabellen. Men det vil vere jamt, så ein skal ikkje føle seg sikker før plassen faktisk er sikra.

4. di­vi­sjon menn

1. Bergs­øy

2. Rol­lon

3. Emb­lem

4. Hødd 2

5. Valder

6. Lars­nes/Gur­sken

7. Volda

8. Ør­sta

9. SIF/Hes­sa

10. Norborg/Bratt­våg 2

11. Har­eid

12. Blind­heim

Å treffe på alt er nok ikkje mogleg, men vi gler oss til å sjå korleis det går. Lukke til med sesongen, både små og store!