– Eg vart eigentleg litt overraska over at eg fekk lov å jobbe der med tanke på at eg er så ung.

Då niandeklassingen Torje Johan Torvik skulle søke til arbeidsveke, stod det ikkje på ambisjonsnivået. Med god hjelp frå mor, Siril-Elisabeth Thorsen, bestemte han seg for å prøve lykka i bransjen han sjølv drøymer om å jobbe i, kokkebransjen. Og kven skulle trudd, før YHU-eleven viste ordet av det var han på veg til Bærum for å jobbe som kokk på Strand Restaurant, ein restaurant der eigar og drivar er ingen ringare enn hans store idol Tom Viktor Gausdal. Kokken har vunne gull i kokke-OL og fekk også sølvmedalje då han deltok i Bocuse d’Or. No driv han fleire norske restaurantar og har gitt ut ei rekke med kokebøker.

– Eg har alltid sett opp til han. Gausdal er mitt store idol og eg har lese alle kokebøkene hans fleire gongar. Å få jobbe med han var ei stor ære for meg, seier ein engasjert Torvik til Vestlandsnytt.

– Ganske chill

Ein skulle kanskje tru at det intense køyret og stressnivået i ein stor restaurant ville gjere ein skeptiske til å satse på faget, men for Torje gav erfaringane berre meirsmak og «blod på tann».

– Eg lærte kjempemasse. Eg fekk mellom anna lære korleis ein opnar kamskjel og lagar det på den beste måten. Det var også veldig inspirerande å sjå korleis ein steller til maten slik at han blir finare å sjå på, fortel kokkespiren.

Noko anna som var spennande var å servere kundane.

– Eg har for det meste berre servert familie og vennar tidlegare, så det å servere kundar var kjekt. Eg fekk gode tilbakemeldingar frå kjøkenet og ingen klaga på maten, så det er vel eit godt teikn, seier han og flirer litt.

– Men var det ikkje stressande med fulle lokale då?

– Nei. Når eg fyrst kom i gang med serveringa var det eigentleg ganske chill.

Vil bli kokkemeister

Torvik har alltid vore lidenskapeleg oppteken av matlaging, og har sidan treårs alderen laga fullstendige måltid ved komfyren på eiga hand. Det kan mor hans stadfeste. Familien nyt godt av sonens kulinariske evner, opptil fleire gongar i veka. Ikkje overraskande har han såleis for lengst staka ut kursen i livet. Målsettinga er høg.

– Draumen min er å delta i Bocuse d’Or, verdsmeisterskapet i kokkekunst. Dette vil kome til å krevje ein enorm innsats og mykje arbeid, men det er eg klar for, slår Torje fast.

– Kva er det med matlaginga som er så interessant?

– Eg veit ikkje heilt. Eg har alltid likt det. På TV ser eg ofte kokkeprogram og eg har fleire kokebøker. Der finn eg mykje inspirasjon.

Neste utfordring

Før ambisjonane etter kvart skal ta han til større kokkemeisterskap i framtida, er det ei meir nærliggande utfordring som ventar 14-åringen. Konfirmasjonen hans nærmar seg med stormsteg, og det er han sjølv som skal stå for menyen og maten.

– Eg lurar på om ein lasagne passar seg som hovudrett. Elles har eg ikkje spikra so mykje, seier han.

– Kva er favorittmaten då?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Eg er glad i det meste. Kanskje noko med kjøtt. Biff er alltid ein sikker vinnar, avsluttar han.