Då vi etterlyste lokale «youtubarar», fekk vi inn mange tips. Dei aller fleste peika på same person: Theodor Remøy Aurvåg (14), elev ved Ytre Herøy ungdomsskule, som driv YouTube-kanalen «Balladass Games». Der kan abonnentane hans sjå han spele sitt favorittspel, Fortnite, medan han og dei han spelar saman med kommenterer spelet.

– Eg starta YouTube-kanalen for om lag 1,5 år sidan. Det var berre for moro skuld, seier Theodor, som i dag har 200 abonnentar.

Årsaka til at han valde å streame nettopp Fortnite, er enkel:

– Eg byrja å bli god i det, og då er det gøy.

Theodor spelar Fortnite nesten kvar dag, men han har berre delt spelinga på YouTube nokre gongar i månaden. No har han elles ein liten pause.

– Eg orkar ikkje å styre med det akkurat no, seier han.

Tidlegare sendingar ligg elles framleis ute, og det kan fort bli meir i framtida.

– Kva er din favorittkanal utanom din eigen?

– Det er kanskje Randulle. Han spelar FIFA og gjer masse andre morosame ting, seier Theodor.