Ungdomsrådet har oppmoda kommunestyret til å kome med fem forslag til å betre miljøet i Sande kommune.

Ordførar Vaagen informerte om oppmodinga på siste kommunestyremøte. Kommunestyret var førebels ikkje klare til å kome med fem konkrete forslag «på sparket», og bad om å få att førespurnaden som ei eiga sak på eit av dei komande møta.

– Men vi har ein miljøplan som er retningsleiande. Vi har mellom anna 1300 gatelys, som vi har ein plan om å skifte til 1300 led-lys. Det inneber ein del for miljøet, sa Vaagen.

Han la til at dei også jobbar med å få blant anna fleire gangvegar, betre ferjemateriell og bygningsmessige oppgraderingar.