Han var ein smålåten og nøktern ungkar som budde ute på sørvestpynten av Kvamsøya. No kjem arven etter Ingolf Vestnes Kvamsøy-folket til gode.

– Det faktum at vi er tilgodesett i Ingolf sitt testament har vi teke imot med stor takk og respekt, seier leiar i Kvamsøy helselag, Kari Ristesund.

Konkret dreier det seg om nærare to millionar kroner som vil resultere i fleire gode tiltak for Kvamsøya og folket der.

Nyheita om arven etter Ingolf har allereie teke til å bli godt kjend på Kvamsøya, der han budde heilt fram til sin død før jul.

– Vi kjem til å bruke pengane fornuftig, i Ingolf sin ånd. Vi har mellom anna planar om å involvere andre lag her ut, utan at vi førebels kan gå ut med noko konkret, seier Kari Ristesund til Vestlandsnytt.

Ingolf Vestnes døydde i heimen sin ute på Basseneset 5. desember i fjor, 84 år gamal.

Korleis arven etter han skal nyttast, vil helselaget kome tilbake til etter kvart, når bygda har funne fornuftige og gode, gjerne helsebringande, tiltak. Men litt meir om Ingolf vil Kari Ristesund gjerne seie:

Storblåsarane i heimen ...

– Han var ein stille og roleg kar som etter kvart fann stor glede i å vere med på helselaget og andre sine sosiale samlingar. Han var også med på fleire felles busssreiser rundt omkring i Norge.

Særskilt godt likte Ingolf Storblåsarane, øya sitt eige, vesle brassband beståande av veteranar frå den tradisjonsrike hornmusikken på øya.

– Veka før Ingolf døydde, kom Storblåsarane på vitjing heim til han, med eigen huskonsert. Det sette han stor pris på, fortel Kari Ristesund.

Det er nokre år sidan Ingolf testamenterte sitt jordiske gods til helselaget, og Kari kan fortelje at dei visste at helselaget var tilgodesett her. Men det fulle omfanget visste dei ikkje før etter Ingolf sin død.

– Du kan tru vi vart glade, og vi skal love å forvalte arven på ein god måte. Han var ein ekte Kvamsøy-patriot, og det vil forvaltinga bere preg av, avsluttar den mangeårige leiaren av det særs aktive helselaget.

Helselagsleiaren: Kari Ristesund er djupt takksam. Foto: Endre Vorren