Resultat skal målast og vegast med karakter frå 8. klasse, men vurderinga skjer etter kompetansemåla allereie frå 1. klasse. Dette betyr 12–14 år med konstant vurdering, undersøking og klassifisering. Dette set sine spor, og mange sitt heime med skuleleie barn i ein tidleg alder, for ikkje å nemne den daglege kampen med leksene.

Jaget startar for fult i 8. klasse. Men det er ikkje bere eit jag for suksess; i skulane våre er det eit konstant press om det meste. Kle, snus, røyk, drikking og kropp, for å nemne noko. Du skal alltid vere på topp, alltid vere best. Ifølgje Ungdata-undersøkinga, slit fleire psykisk, fleire blir mobba og fleire føler seg einsame. Dette er eit resultat av eit giftig psykososialt miljø, og det er dei unge sjølve som betalar prisen som nokre gongar dessverre blir altfor høg.

Oppi alt dette er det noko som dett vekk: Det å ta vare på seg sjølv og kvarandre. Eg sit ikkje med nokre konkrete svar på korleis vi kan løyse dette. Eg vil heller kome med nokre forslag: Prioriter det å vere eit godt medmenneske. Prioriter deg sjølv og dine behov, men aller viktigast: Nyt den tida du har fått og ver der for kvarandre.