Ann-Kathrin (Tine) Storøy (H) og grendelagsleiar på Nerlandsøya, Torbjørn Hide, meiner det er viktig å presisere overfor folket kva som er status for Nerlandsøybrua.

Storøy opplyser om at Herøy Høgre har god kontakt med Charles Tøsse (H) i samferdselsutvalet, og andre fylkespolitikarar som følgjer opp saka og vedtaka som er gjorde.

I samferdselsutvalet den 6. mars vart det gjort eit samrøystes vedtake om brua:

«Når det gjeld Nerlandsøybrua skal det takast ei endeleg avgjersle i junitinget 2019, med endeleg planløysing og framdriftsplan», heiter det

På møtet i fylkesutvalet den 26. mars, i samband med behandling av økonomiplanen for 2019-2022, som Nerlandsøybrua er ein del av, vart det også gjort vedtak om at saka skal utsettast til junitinget.

– Dette vart gjort fordi fylkesutvalet meinte at saka ikkje var godt nok greia ut frå administrasjonen til å fatte eit vedtak, opplyser Storøy.

– Vi set derfor vår lit til at fylkesadministrasjon og politikarane fylgjer opp og sikrar ei god teknisk og økonomisk løysing for Nerlandsøybrua som kan endeleg handsamast i fylkestinget i juni, seier Hide, som saman med Storøy no er svært utolmodige i saka. Dei er nok ikkje åleine om det.