Fredag før påskeferien arrangerte 4. – 7. trinn «ShowApril» for alle på skulen. Elevane viste oss kreative og rørande innslag med song, dans, fiolin, piano og utstilling av kunstverk. Skulen er også så heldige å ha ei gruppe elevar som er veldig gode på praktisk arbeid, som tok arbeidet med å rigge til scene og rydde på uteområdet.

ShowApril er eit resultat av godt samarbeid på tvers av trinna, der elevane har jobba med og for kvarandre. Dei tilsette på skulen er gode på å sjå kvar einskild elev og legge til rette for at dei skal få positive erfaringar i lag. Elevane har fått medverke til kva showet skulle innehalde utifrå sine eigne interesser og føresetnadar, og dei har vore gode på å ta omsyn til kvarandre.

Og ikkje nok med det …

Nok ein gong heiv foreldra seg rundt og både baka, kokte og steikte, for at vi på skulen skulle få kose oss i lag med påskelunsj. Moltubygda er kjend for sitt sterke dugnadsengasjement, og det får skulen også merke. Elevane som går på Moltu skule er heldige som har engasjerte foreldre som er med uansett kva det måtte vere. Skulen er avhengig av foreldre som deltek for å kunne gjere skulekvardagen så god som råd for elevane. Ei engasjert foreldregruppe bidreg, ikkje berre med å gjere det lett for oss når noko skal arrangerast, men også for eit godt og inkluderande skulemiljø. Ei engasjert og positiv foreldregruppe er viktig for arbeidet vi gjer på skulen, både fagleg og sosialt. Skulemiljø er noko vi arbeider med i samarbeid med foreldra. Vi arbeider for at skulen heile tida, og kvar einaste dag, skal vere GOD for meg – GOD for oss.