Det seier Karin Flatøy Svarstad, som siste veka har vore på eit aldri så lite «sunnmørsraid». I fire kulturstover har ho og musikar og komponist Hanus G. Johansen fått ulike aspekt ved Vesterleia generelt og Færøyane spesielt, fram i lyset.

Vi var til stades under framføringa på Dollstun. Før det hadde dei framført programmet i Velledalen og Fosnavåg, og turnèen vart avrunda i Vike-Petterlødå i Haugsbygda laurdag kveld.

Anerkjend tonesetjar

– Vi har blitt veldig godt mottekne. Publikum har vore imøtekomande, sa Hanus G. Johansen til Vestlandsnytt etter førestillinga på Dollstun. Han vert av enkelte rekna mellom dei fremste tonesetjarane i eit «utvida Norden».

Mellom anna har Johansen studert Jakob Sande sine dikt, og jamvel fått opplæring i nynorsk i Dale i Sunnfjord. Resultatet var heilt prima, og publikum kjende sjølvsagt att Sande-dikta som færøymusikaren framførte på enkelt, Leonard Cohen-aktig vis.

Aktive Karin

Karin Flatøy Svarstad treng kanskje ikkje nokon nærare presentasjon. Ho kjem frå Voksa og er busett i Bremanger. Det er i Nord-Atlanteren ho på eit vis «regjerer», mellom Norge, Færøyane, Shetland, Hebridane og Island.

Gjennom sin fokus på villsau- og ulltradisjonar, med stadig nye prosjekt der folk blir tekne med på reiser og kontaktknyting i Vesterlei, har ho skapt seg eit namn. Dama som driv Sommarakademiet i Kalvåg har vore representert på internasjonale vandreutstillingar med eigne filt-arbeid.

Samstundes har ho eit hjarte som brenn for distriktsutvikling - det å få nytt liv på stader med tilbakegang. For tida er Voksa Kultursenter under oppføring, der planen er å få til eit heritage-senter som kan bli ein lokal berebjelke for vidareutvikling av oppleving og turisme. Og lokalsamfunnet vil ho trekkje med.

Eli sine godnattsongar

– Min inngang til Færøyane var på mange vis familien sin fiskebåt Eldorado, som var mykje på Færøyane. Om bord der kom Eli Gunnarstein. Han song godnattsongar til meg heime på Flatøya. Når eg seinare i livet har høyrt song frå Færøyane, har det gitt meg gåsehud, sa Karin.

I salen var det denne kvelden fleire med foreldre som flytta frå Færøyane til Norge i tiåra etter krigen. Lokalt kjenner vi til at det var særskilt mange som flytta til Kvamsøya, der ein stor del av innbyggjarane difor har færøyblod i årane.

Eit lite tips til lokale interessentar som no for tida førebur meir satsing på reiseliv: Dette er ei næring i sterk vekst også på Færøyane (asiatane kjem i større grad enn før etter at dei for alvor har oppdaga Island), saman med viktige næringar som fiskeindustri, oppdrett og sauehald. Kanskje ikkje så ulikt det vi har her.

Informativt, engasjerande og vakkert. Slik var Karin og Hanus sitt kinderegg.