Herøy gard

I morgon, onsdag, arrangerer Barnas Turlag Herøy påskeeggjakt på Herøy Gard.

– Her vil det vere 16 påskeegg som barna kan leite etter. Trøystepremiar vert delte ut så langt lageret rekk. Vi vil tenne grillen, så ta gjerne med god lunsj/middag til å nyte ute, skriv turlaget på si Facebookside.

HerøyLAN

17. – 21. april går HerøyLAN av stabelen på Herøy kulturhus. Det rusfrie ungdomsarrangementet trekkjer til seg deltakarar frå langt utanom dei kommunale grensene. I tillegg til å spele/sjå på spelinga, kan deltakarane vere med på ulike aktivitetar som bumperballs, paintball og bading på Sunnmørsbadet.

Runde

Runde miljøsenter arrangerer skattejakt kvar dag dei held ope i påska. Kart får ein kjøpt i kafeen. Barna kan også vere med på ringspel, rebus, dart og teikning.

Miljøsenteret arrangerer dessutan fleire organiserte turar i løpet av påska: Lundesafari med naturguide og sjømat i havgapet, sel- og sjøfuglsafari med båt, og fjørevandring og taresmaking.

Sjutoppsturen i Sande

På langfredag vert den 15. utgåva av Sjutoppsturen arrangert på Sandsøya. I 2018 var det rekordmange deltakarar, totalt 658!

– Sjutoppsturen tilbyr mosjonsklasse og konkurranseklasse over fjella, i tillegg til ein turmarsj i låglandet, rundt Vågen.

Barn som fyller 15 år i 2019 eller er yngre, får godkjent fire av sju toppar.

For Sjutoppsturen 2019, planlegg ein båtkyss frå Åram, Kvamsøya og Larsnes, til fiskerikaia på Sandshamn, som er i gangavstand til start- og målområdet, heiter det om arrangementet.

Skotholmen

Restaurant Kami Skotholmen har eige påskeprogram i år. Mellom anna arrangerer dei familiedag 19. april, med påskeeggjakt og buffé.

– Påskeharen har vore på øyhopping og lagt frå seg mange sjokoladeegg, heiter det på Skotholmen sine heimesider.

Sunnmørsbadet

Påskeharen kjem på besøk til Sunnmørsbadet kvar dag i påska. Alle som finn eit egg får ei overrasking.