– I fjor byrja vi sesongen med å spele niarfotball, men før haustsesongen gjekk vi over til å spele på full bane, og då vart vi mykje betre. Jentene likar å ha litt rom å boltre seg på, slik at vi får spele vårt spel.

Det seier hovudtrenar for Bergsøy sitt damelag, Synne Dale Ryan. Ho opplyser elles at planen denne sesongen er å spele på full bane frå første kamp.

– Vi har på jamna rundt 15 jenter på trening. Så det er klart at vi gjerne skulle hatt nokre til, då sesongen er lang og det som regel dukkar opp noko som gjer at ikkje alle kan stille. Spesielt skulle vi gjerne hatt litt fleire eldre jenter her, men det er ikkje enkelt å finne, seier Ryan.

Ho trur blant anna at no som Hødd-damene er tilbake i 2.-divisjon, vil mange av dei eldre spelarane gjerne gå dit. Noko mellom andre polske Agata Drozdzik, som spela nokre kampar for Bergsøy i fjor haust, har gjort.

– Gjere det betre enn i fjor

Når Vestlandsnytt vitjar damene si treningsøkt i Fiskarhallen tysdag 2. april er det nøyaktig ein månad til sesongen skal sparkast i gong med heimekamp mot Ørsta. Eit lag som førre sesong enda på plassen over samarbeidslaget Bergsøy/Tjørvåg/Gurskøy. Eit samarbeidsprosjekt som berre varte den eine sesongen.

Men det avslutta samarbeidet har elles ikkje fått store konsekvensar for laget, som vil bygge vidare på førre sesong.

– Jentene har eit håp om at vi kan kjempe om topp tre, men vi har som mål å gjere det betre enn i fjor. Då blei vi nummer seks, seier trenaren.

Det sosiale er viktig

Hovudtrenar Ryan har elles fått hjelp i form av sin nye assistenttrenar Thomas Spiro denne sesongen, og saman verkar det som duoen har ein strategi for damelaget si vidare utvikling.

Då vi besøkte damelaget var spesielt samspelet mellom jentene i fokus. Vi fekk sjå dei drille angrepsspelet sitt, der mellom anna innleggskvalitet og smarte bevegelsar er viktig. For å ikkje snakke om kommunikasjon mellom spelarane. Akkurat det verka elles ikkje å vere det største problemet hos damelaget.

– Nei, vi har det sosialt og kjekt på treningane. Det er kanskje like viktig det. Vi vil at jentene skal trivast på trening, seier trenaren, som no gler seg til å kome i gong med seriekampane.