– Vi vil rykke opp. Men det blir ikkje så enkelt som folk trur. Vi såg det i Ørsta-kampen (NM-kvalikkampen som enda 5-4, red.mrk), det er fleire potensielle bananskal. Skal vi klare målet må vi unngå i gi vekk enkle poeng.

Tommy Malins er midt i førebuingane til endå ei viktig treningsøkt, då Vestlandsnytt vitjar han for å høyre kva han tenker, no som seriepremieren heime mot Hareid nærmar seg med stormskritt. Rundt engelskmannen heng det planar for både enkeltspelarar, A-laget og dei yngre spelarane i klubben.

Involvert i heile klubben

– Det eg kanskje likar aller best med den nye jobben er at eg får vere involvert i heile klubben. Eg prøver å finne detaljane, og målet er at vi skal bygge klubben for framtida, seier Malins.

Han merkar enkelte forskjellar mellom jobbane som hovudtrenar og spelarutviklar, som var rolla han hadde i Hødd.

– Det er meir stressande, du har mykje meir tid når du jobbar med dei unge spelarane. Her er det eit stort fokus på poeng og resultat. Samtidig må eg innrømme at eg verkeleg kjende på konkurranseinstinktet då vi møtte Ørsta i NM-kvaliken. Elles trur eg spelarane har lært korleis eg er no, og eg må jo seie at vi har ei veldig flott spelargruppe.

Har nokre utfordringar

Tommy Malins seier seg samd med dei som meiner at Bergsøy ikkje har levert den mest imponerande oppkøyringa til sesongen. Men han er likevel ikkje bekymra.

– Vi har hatt veldige mange skadar i vinter. Men no byrjar folk å bli klare, og då får vi også moglegheita til å gjere taktiske val, ettersom vi har spelarar å velje mellom. Blant anna har vi ei svært god angrepsrekke, både fordi angrepsspelarane våre er svært gode, men også fordi vi har veldig mange å ta av, seier Malins.

Det er derimot i den andre enden av bana at Bergsøy tidlegare har blitt oppfatta som svært solide. No er det enkelte som er kritiske til Bergsøy sitt forsvarsspel, spesielt med tanke på at laget har sleppt inn masse mål gjennom vinteren.

– Eigentleg meiner eg at vi har eit godt forsvar, men vi har ikkje så mange alternativ, spesielt etter at vi mista Craig (Rogers). Når Fredrik (Muren), Benjamin (Leine), Espen (Driveklepp) og Frank (Skorpen) samtidig har vore skada, har vi kome i ein litt uheldig situasjon. Vi har mange gode unggutar, men det er ikkje heldig med berre unge spelarar. Balansen er svært viktig, seier Bergsøy-trenaren.

Vil ha eit stabilt lag

Ein viktig føresetnad for suksess er ifylgje Malins at ein har eit stabilt lag gjennom sesongen. Han har derfor hatt det i bakhovudet gjennom vinteren.

– Vi har fokusert på å gjere signeringar som skal vere her. Vi ynskjer oss spelarar som blir verande heile sesongen, og som er med oss på treningane. Med det eg veit er det berre Espen (Driveklepp) og Jakob (Nerland) som ikkje blir med oss også i haust, seier Malins.

– Kven blir den tøffaste konkurrenten i kampen for opprykk?

– Det er mange som snakkar om Rollon, kanskje spesielt fordi dei har henta Bjørn Helge Riise. Men eg trur ikkje han kjem til å spele så mykje. Hødd 2 har eit veldig talentfullt lag, men eg trur ikkje dei kan vinne. Eg trur vi skal klare dette, avsluttar Malins.