Det er First Process Holding AS saman med Credo Partners som kjøpar aksjeposten.

Det er ifølge meldinga avtalt at Havyard Group, som del av transaksjonen, vil kjøpe MMC First Process sin 77 prosent eigardel i MMC Green Technology.

- Transaksjonen er basert på ei verdsetting av MMCFP som, ved gjennomføring, er forventa å bidra til ein betydeleg effekt på selskapets bokførte eigenkapital, og bidra med ein substansiell likviditetseffekt. Selskapet og kjøpar vil oppdatere marknaden i samband med betingelsane og effektane av transaksjonen ved signering av aksjekjøpsavtalen, som er forventa å vere signert seinast den 15. Juni, skriv Havyard Group.

- Transaksjonen er vilkårsbundne av gjennomføring av aksjekjøpsavtaler og kjøpars due diligence, heiter det vidare.

Ytterlegare tap førte til fall på børsen

Tre veker etter at tala for 2018 var lagt fram, kom Havyard Group med ei børsmelding 21. mars om ytterlegare tap, rundt 100 millionar i 2018 . Det vil seie at underskotet vart meir enn dobla for 2018 samanlikna med kva Havyard melde i første omgang. Dagen etter reagerte investorane på børsen med å nesten halvere verdien av Havyard, melde nett.no.

Dei uventa tapa gjorde at Havyard var i brot med lånevilkåra.

I hovudsak var avvika knytt til to større prototype-prosjekt ved Havyard Ship Technology sitt verft i Leirvik, der ferdigstilling av prosjekta går føre seg. Ved gjennomgang av andre pågåande prosjekt er det ikkje funne avvik av betydning.

- Det er derimot igangsett dialog med långivarar for å minimere effektane av slike brot. Vidare er det sett i gang interne tiltak, samt at selskapet er i god dialog med kundar, heitte det i børsmeldinga 21. mars.