– Ein høyrer alltid foreldre spør barna sine eller familiemedlem om korleis det gjekk på fotball treninga. Var det kjekt? Fekk du nokre nye venna? Korleis gjekk kampen? Men då vil eg spørje alle i salen. Kor mange spør ungane sine dei same spørsmåla når det kjem til dataspel?

Ole Andreas Skår ser ut over forsamlinga og gir dei i lita tankepause. Vi er samla på Fosnavåg konserthus. Temaet for dagens foredrag er noko som har engasjert fleire denne torsdag kvelden. Herøyværingen, som kan reknast for å vere den fremste ressurspersonane på Sunnmøre når det kjem til E-sport (konkurranseretta dataspel) og spelkultur, har nettopp fortalt om sine eigne erfaringar med korleis det var å vekse opp som spelinteressert, samt korleis han etter kvart har gjort hobbyen til jobb med sunn livsstil.

– Eg vil faktisk tore å påstå at ein elitespelar i E-sport er betre trena og har betre livsstil enn fotballspelarar i Premier League. Konkurranseretta dataspel er på same måte som anna idrett samhald, tilhøyrsle og lidenskap. I dette tilfelle engasjerer det fleire 100 millionar i verda. Dette veit foreldre lite om, men vi burde vite det og engasjere oss med dei, oppmodar Ole Andreas, som elles nytta høve om å promotere Tussa si siste E-sport satsing Tussaligaen.

Tydeleg vaksenrolle

Etter ein introduksjon ved Ole Andreas Skår er ordet overlate til kveldens hovudforedragshaldar, Alexis Lundh frå ideell stiftinga Barnevakten. Han startar foredraget med å tidleg vise fram ein video til ettertanke. I videoen køyrer far sine to barn, glad og lysten, midt ut i villmarka. Godt oppakka med tunge sekkar, kart og kompass set han dei av på fjellet. Han ønskjer dei lykke til og køyrer der ifrå i bilen. Ungane står og ser seg rundt før den eine ungen tippar over ende på grunn av for tung sekk. Salen flirer litt til videoen, og Lundh reiser seg.

– Kven var det som har ansvaret her? Faren eller barna? Det er då sjølvsagt faren tenker mange. Men kva om denne villmarka er internett? Det er ikkje så langt ifrå sanninga, seier Lundh.

Ifølgje han er dette eit perfekt bilete på kva foreldre bør utfordrast på.

– Vi som foreldre må ta ansvar. I den store «viltmarka» må vi vere tydelege vaksne som kan lære dei unge å sette grenser for seg sjølv og også grenser for andre.

– I tillegg er vi nøydde til å tole å høyre det som er vanskeleg og snakke om dei alvorlege temaa. Barn må føle at dei kan kome å seie frå til ein vaksen om dei møter noko på ferda som skremmer dei, gjer dei uvel, eller noko som rett og slett er skadeleg for dei. Då er det vår oppgåve som vaksen å vere nokon som vil lytte hjelpe dei.

Gi dei merksemd

Alexis er innom mange tema i sitt foredrag, eit av dei spelar også vidare på det Skår allereie har påpeika.

– Vi ser at barn søker merksemd, aksept og meistring på internett. Og den merksemda er ofte alt for enkel og få, og i nokre tilfelle kan det få fatale følgjer. Det er alt for enkelt å sende eit nakenbilde for så og få komplement tilbake, men då er det gjort.

– Derfor er det viktig at vi som føresette søker ut og møter desse behova i livet til barn og unge. Vi må vere der å gi dei den meistringskjensla, gi dei merksemda kring det dei driv med, slik at vi balanserer dei enorme behova som barn og unge har, og som kan bli møtt så alt for lett på internett, seier Lundh.