Tjørvåg IL har kjøpt inn og installert ti granulatfangarar til oppsamling av granulat frå kunstgrasbana i Stokksund. Idrettslaget har dermed vore tidleg ute med eit tiltak som etter Energi- og Miljøkomiteen si innstilling skal bli eit krav.

Rekninga på nær 80.000 kroner har indrettslaget presentert for Herøy kommune som eigar av bana.

– Vi håper kommunen ser det positive i tiltaket vi har gjort for å minske forureininga av granulat frå bana, skreiv leiar Åsmund Eide i oversendinga av rekninga til kommunen.

I svaret frå kommune skriv driftsleiar Torger Kvalsund at han ser det positive i tiltaket som idrettslaget har sett i verk. Men kommunen har eit problem med å finne pengar å dekke kostnadene med.

Må overhaldast

Kvalsund viser til vedlikehaldsavtalen mellom idrettslaget og kommunen der det mellom anna heiter at innkjøp skal avtalast på førehand.

Det er viktig at dette punktet blir overhalde, skriv Kvalsund og viser til at kommunen har fleire baner å ta omsyn til. Difor må det gjerast ei totalvurdering av både behov og kostnader med innkjøp som skal gjennomførast.

Forpliktande avtale

Kvalsund presiserer også at komunen er forplikta av rammeavtalen som er inngått på innkjøp av røyr og røyrdelar. Vi kan ikkje omgå denne avtalen ved at andre handlar for oss, understrekar han.